Vatnet fossa over flaumvollen på slakteriet: – Dette overgår alt
Hemsila og det kraftige regnvêret ramma Nortura på Gol for fullt, med flaum og vasskadar.
Kommunikasjonssjef for pressesenteret til Nortura, Mari Hagerup, opplyser at både uteområdet og produksjonslokala er råka av uvêret. Nortura arbeider med å kartlegge vasskadane. Dei stadfestar at skadane er til dels omfattande.
Vollen brast
Ingrid Hillestad Medhus er fabrikksjef på Nortura Gol. Det er dramatiske dagar på arbeid. Slakteriet på Gol har flaumvoll rundt seg som skal sikre anlegget, men denne gongen vart vassmengdene for store. Vollen strekte ikkje til, og det fløymde utover uteplassen og inn i kjellarrom.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me var mange tilsette som tysdag kveld prøvde å byggje ein høgare flaumvoll. Det klarte me. Men då me var ferdige, brast det og vatnet kom inn på plassen, seier fabrikksjefen.
Ho roser dei tilsette, og fortel at under vassdramaet tysdag vart det gjort ein kjempeinnsats.
– Dei tilsette varsla og hjelpte til, og vår tekniske avdeling har verkeleg stått på. Det var ein fantastisk jobb av alle som var med.
Småfe-sesongen
– Kva skjer no?
– Onsdag har vasstanden gått ned, og brannvesenet har vore og pumpa ut vatn, fortel Hillestad Medhus.
Nortura har også sett ned ei beredskapsgruppe, med både folk frå Gol-anlegget og folk sentralt i konsernet. Hillestad Medhus opplyser om at mykje må gjerast. Beredskapsgruppa arbeider på alle felt. Forsikring og taksering skal gjerast, samt kartlegging av skadane, og dei må få attende straumen. Ein stor ryddejobb ventar.
– Det er mykje som må gjerast, og me prøver å vera tilbake til normalen til småfe-sesongen, seier ho.
Skadekartlegging
Akkurat no er vegane i Hallingdal stengd, så mykje er på vent, til det kjem inn ressursar frå andre plassar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– No skaffar me oss oversikt over kva som fungerer, og ikkje. Me ser nok det heile betre når vatnet har gått tilbake. Førebels veit me at sjølve slakteriet ikkje er ramma, men kjellar, lager, tekniske rom med straum og styringstavler, og deler av produksjonslokala.
Skremmande fort
– Tysdag såg me kva for krefter det kan vera i vatn, og kor farleg det kan vera. Vårt fokus i går var HMS, det var det aller aller viktigaste, seier Ingrid Hillestad Medhus.
– Har de opplevd noko liknande før?
– Aldri. Dette overgår alt.
Ho fortel at dei har lagt mange planar for ting som kan skje, men dette hadde dei ikkje sett koma.
– Det gjekk så fort. Veldig skremmande.