Vatn heilt inn på butikktrappa – bustadhus er evakuert
Vatnet fløymer innover i Nesbyen sentrum.
Det er ikkje lett å drive butikk for Bård Ragnar Lien i dag. Flaumvatnet står heilt inn på trappa hjå Coop Extra i Nesbyen sentrum. Han er ikkje åleine om å ha problem på grunn av flaumen. Fleire innbyggjarar er alt evakuert frå husa sine, og fleire skal det bli utover dagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vatnet fløymer innover Nesflata, og store jordbruksareal er oversvømt. Det er ikkje uvanleg at det er blautt her om våren, men no er det meir vatn enn det har vore på fleire år. Avfallsdunkar og andre ting kjem flytande med vatnet. Det blir jobba på spreng mot vatnet, blant anna av Nes kommune.
Det har ikkje oppstått farlege situasjonar, men det er mykje vatn i Nesbyen no.
.
.
.
.