Mathias Skrede, Geilo IL. (Arkivfoto)
Mathias Skrede, Geilo IL. (Arkivfoto)

Var best båe dagane

Tre geilingar har ekstra god grunn til å vera fornøgde med helga i skiskyttarløypa.

SKISKYTING: Aleksander Fjeld Andersen, Mathias Skrede og Åsne Skrede vann klassen sin i både normalprogram og sprint under Sparebank 1 Cup i skiskyting på Liatoppen i helga.

Dermed har dei eit topp utgangspunkt i denne serien for skiskyttarar i alle aldersklasser i Buskerud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nær 200 skiskyttarar stilte til start i snøvêret.

Solide sigrar

Konkurransen starta med normalprogram laurdag, og vart avslutta med sprint sundag. Arrangørar var Ål Skiskytterlag, Bødalen IF og Drammen Strong.

Mathias Skrede, Geilo IL, tok to sterke sigrar i ein stor klasse; Gutter 15 år. 19 stilte til start i normalprogram laurdag, og 20 på sprinten sundag. Mathias fekk tre bom laurdag, og fire bom sundag.

Aleksander Fjeld Andersen, Geilo IL. (Arkivfoto)
Aleksander Fjeld Andersen, Geilo IL. (Arkivfoto)
Åsne Skrede, Geilo IL. (Arkivfoto)
Åsne Skrede, Geilo IL. (Arkivfoto)

I klassen Gutter 16 år slo Aleksander Fjeld Andersen, Geilo IL, alle dei tolv konkurrentane laurdag, og alle elleve sundag. Han tok sigrane, trass i fire bom laurdag og tre bom sundag.

Åsne Skrede, Geilo IL, skaut berre éin bom i normalprogram og tok sigeren i Jenter 13 år. Siger vart det også på sprinten, då hadde Åsne to bom.

Heimesiger

Mari Bøygard, Ål SSL, vann ein liten klasse Kvinner 17 år, då ho slo sin einaste konkurrent i normalprogram, og fekk fire bom. På sprinten var det fire deltakarar og då vart Mari nummer tre, med fire bom. Distansen vart vunnen av Turi Storstrøm Thoresen, Alvdal IL/NTG-L.

Rasmus August Schiellerup, Geilo IL, vann sprinten i Gutter 12 år, etter å ha skote éin bom. Han vart også beste halling i normalprogram, då han vart nummer to med fem bom. Denne vart vunnen av Sivert Langerud, Hønefoss SSK.

På pallen

Anders Emil Schiellerup, Geilo IL/NTG-G, vart nummer to av fire startande i klassen Menn 17 år normalprogram. Han skaut sju bom, og vinnaren vart Simen Kleven, Simostranda IL/NTG-G. På sprinten vart Gaute Hagen Hallingstad, Ål SSL, beste halling på tolvte og nest-siste plass, med tre bom. Her vann Jakob Røksund, Fossum IF/NTG-L.

Artikkelen held fram under annonsen.

Martin Bårtveit, Geilo IL/NTG-G, kan notere seg ein tredjeplass i Menn 18 år sprint. Han fekk fire bom, og vinnar vart Sonde Bollum, Gjøvik SK/NTG-L, i klassen med ni deltakarar. I normalprogram gjekk ingen hallingar, men Henrik Aslesen, Fet SK / NTG-G, vann.

Heile 14 løparar fullførte sprinten for Menn 19 år/senior, og beste halling vart Eivind Stensvold, Geilo IL på tredjeplass, med to bom. Fredrik Mack Rørvik, Målselvs Skiskyttere/NTG-L, vann sprinten. Stensvold vart beste halling også i normalprogram, med ein fin andreplass og tre bom på standplass. Av dei åtte deltakarane gjekk Henrik Sagosen Smeby, Bevern IL, heilt til topps.

Mange klasser

Anne Marte Moen Løvstuen, Geilo IL, vart beste hallingjente i klassen 19 år/senior, sprint. Ho tok fjerdeplassen av fem startande, med sine tre bom, og det var Sigrid Bilstad Neraasen, Vingrom IL/NTG-L, som vann.

I Jenter 15 år sigra Live Bendiksby, Simostranda IL, laurdag, og klubbvenninna Kristiane Holm sundag. Stina Brattegard var einaste halling i klassen, og kom på fjerde og siste laurdag, med ni bom, og tredje sundag, med tre bom.

Filip Fjeld Andersen, Geilo IL, gjorde det godt i helga. På sprinten Gutter 14 år sundag vart han nummer to, med seks bom. Mens på normalprogram vart han nummer fem, med fem bom. Båe dagar var han beste halling i klassen. Bevern-IL-løparane Henrik Andre Larsen vann laurdag og Sigurd Trømborg sundag.

Vilde Hagen Friis, Ål SSL, vart beste halling i Jenter 14 år, båe dagar. Båe dagar vart det også ein fin andreplass, og berre to bom på standplass kvar dag.

Unge talent

I klassene Gutter 11 år, vann Håvard Jonrud, Svene IL, båe dagar. Beste halling i normalprogram var Sondre Søndrål Slettemoen, Geilo IL, på tredjeplass med åtte bom. Beste halling på sprinten vart Peder Feten, Ål SSL, på ein fin andreplass, med tre bom.

Tuva Brattegard, Ål SSL, tok ein fin fjerdeplass i normalprogram Jenter 12 år, og fekk til saman tre bom på standplass. Frida Tormodsgard Dokken, Svene IL, vann. På sprinten vann Emma Aasen Strømsnes, Lier IL, og beste haling vart Vilde Kverndal Veslegard, Ål SSL, på sjuandeplass med fire bom.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Nybegynner gutter 11 år og eldre deltok Eskil Grue, Ål SSL. Han gjekk berre laurdag og vart nummer fire i klassen med fire deltakarar. Han skaut fullt hus. Niri L. Svingen, Svene IL, vann normalprogram, mens Sander Hovde, Simostranda IL, vann sprinten.

Ingen hallingar

I klassen Nybegynner jenter 11 år og eldre, deltok det ikkje hallingar, men Elise Furuheim, Drammen Strong, vann båe dagar. I Jenter 11 år vann Sunniva Johannessen, Simostranda IL, båe dagar, og ingen hallingar deltok. Det var heller ingen hallingar i Gutter 13 år, som vart vunne av Andreas Hallingstad, Bevern IL, laurdag, og Mats Øverby, Lier IL, sundag.

Klassen Jenter 16 år gjekk utan hallingar, men vart vunne av Siri Moholth, Bevern IL, laurdag, og Ida Lien, Simostranda IL, sundag.

Tonje Elisabeth Breivik, Bevern IL, var einaste deltakar i Kvinner 18 år normalprogram, mens Anne Marit Bredalen, Åsnes SSL / NTG-G, gjekk åleine på sprinten.