Vakkert, men: Sjå opp for dette fenomenet
Isen på Strandavatnet i Hol er heilt spesiell denne vinteren.
Strandavatnet er det største kraftmagasinet til E-CO i Hallingdal. Ved inngangen til påska dannar ein heil «kanal» av overvatn ein kilometer lang barriere utpå fjorden.
Åtvarar
Så å seie heile vatnet er no dekt av blank stålis. Men forholda endrar seg frå dag til dag. Innimellom har det gjennom heile vinteren vorte observert både ope vatn og mindre råker i bassenget. Det betyr at isen kan vera tynn på enkelte parti. Ein grunn til utrygg is, er at nesten heile fjorden bles opp att i januar. Kraftprodusenten har sett opp åtvaringsskilt om dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stålis med kanal
Skulle nokon likevel finne det formålstenleg å krysse fjorden, må det skje med største varsemd.
Sjølv om den avbilda kanalen har is i botnen, vil den som hamnar uti
* garantert bli våt.
* garantert slite med å koma seg ut av isvatnet.
Det er ikkje tilrådeleg å ta seg ut på isen når det er mørkt eller dårleg sikt. Isen er også så glatt at det er vanskeleg å stoppe ein farkost i fart, anten den er motorisert eller ikkje. Hallingdølens «glattis-medarbeidar» måtte onsdag legge ruta kraftig om for å kunne krysse trygt frå Raggsteindalen og over mot Fv50 på nordsida av fjorden.