Vågar ikkje seie kvar dei jobbar
Arbeidsbelastinga i Hallingdal barnevernsteneste er tung. Sjukefråværet er på nær 17 prosent første halvår.
Barnevernet blir målt og vurdert frå alle kantar, men internt i etaten veks frustrasjonen over at knapt nokon er opptekne av å måle suksessane eller fortelje dei gode historiene.
– Det er ein utakknemleg jobb, utan for mykje klapp på skuldrene. Den gode jobben som blir gjort er verd meir enn det som kjem fram, seier Nic M. Eilertsen. Han er ein av dei sist tilsette saksbehandlarane i Hallingdal barnevernsteneste. Med lang erfaring frå feltet veit han at bransjen kan vere belastande.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Om folk spør er det ingen som vil fortelje at dei jobbar i barnevernet. Alle dunkar jo laus på oss. Det er irriterande og frustrerande, seier han.
Andre har kompensert
Det er ikkje berre den tøffe jobben som gir tenesta høgt sjukefråvær, men det spelar inn. Første halvår i år har fråværet vore rekordhøgt, heile 16,9 prosent.
– Det er veldig høgt, og me tek det på alvor, seier barnevernsleiar Helene Sagabråten. Også i 2012 var fråværet eit problem. Då var det 12,9 prosent.
– Teorien er at andre i organisasjonen lenge har kompensert for dei som var borte og arbeidsbelastinga på dei som står igjen blir større. No har me kome til eit punkt der det ikkje går lenger, seier ho.
Det er lova som legg premissane for kor mykje barnevernet har å gjere, og det er andre instansar som melder om uro for barn, ikkje barnevernet sjølv, legg ho til.
Ein kan ikkje leggje noko til side. Det handlar om barn i vanskelege situasjonar. Fylkesmannen slår ned på fristar som ikkje blir haldne. Barnevernet har fått kritikk for det før. I fjor heldt dei fristane, trass i 11 prosent sjukefråvær. No ser det ut som det har sin pris.
Tiltak mot sjukefråvær
Sagabråten har leia etaten eitt år i november. Alt for eit år sidan såg ho at fråværet ville bli utfordrande. Fleire tiltak er sett i verk.
n Betre oppfølging av sjukemelde (prosjekt «Tett på», i samarbeid med Hallingdal og Valdres bedriftshelseteneste)
Artikkelen held fram under annonsen.
n Kompetanseheving og rettleiing av tilsette
n Kollegastøtte
n Tilsetting av to vikarar
I sum skal dette førebyggje, redusere og kompensere for sjukefråvær, samt gjere vegen tilbake på jobb lettare.
Å leige inn konsulentar for å lette på presset er ingen farbar veg. Slikt gir kostnadsauke med etterfølgande negative reaksjonar frå media, rådmenn og politikarar.
– Det er synd at barnevernet får så mykje tyn overalt. Ein burde fått meir støtte frå myndigheitene. Det er ingen andre yrkesgrupper som står så åleine som me gjer, seier Elsa H. Rønbeck.
Utbrent
Ho vart utbrent, men er no tilbake i jobb.
– Det var nok saksmengda og type sak som gjorde utslaget for min del, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
I juni kom ein evalueringsrapport frå PricewaterhouseCoopers (PwC). Denne fortel at både talet på saker og talet på dei alvorlege sakene (akuttvedtak og omsorgsovertaking) har vore høgt i Hallingdal, samanlikna med andre regionar.
– Det er fylkesnemnda som avgjer om barn må ut av familien. Men det er barnevernet som må følgje opp og som blir skyteskive etterpå, seier Eilertsen.
Sagabråten viser fram eit par av plakatane som frå tid til annan møter dei tilsette når dei kjem på jobb.
«You stole my child, you’ll never steal my fight or my love» står det på ein laminert plakat til minne om «alle liv som er ødelagt pga Barnevernet».
- Eg har gøymt på eit par av dei, seier Sagabråten.
Springande målingar
Fylkesmannen måler suksess ut frå om fristane er halde eller ikkje. Kommunane målar suksess ut frå økonomi. PwC er forsiktig med å konkludere når det gjeld kvalitet. Men inntrykket er at samanslåinga i 2011 har ført til ei betre kvalitativ teneste enn før samanslåinga.
Kva barn og foreldre meiner er litt uvisst. Ein rapport frå Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) i september konkluderer med at åtte av ti foreldre er fornøgd med hjelpetiltak frå barnevernet (i Norge), men rapporten reiser sjølv tvil om dei mest negative foreldra i det heile tatt er spurte.
Hjelp og skam
No er også Kommunerevisjon IKS i gang med å måle barnevernet, men om dei vil kunne si noko om tenestene er kvalitativt gode og suksessrike etterpå står att å sjå.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Hovudproblemet vårt er at me aldri får sjansen til å fortelje om suksesshistoriene våre, seier Sagabråten. Ho reknar suksess som dei tilfella der dei får til eit godt samarbeid og dialog med barnet og familiane, og der tiltak bidreg til endring og barnet får eit betre liv.
– Det er heller ikkje sikkert suksessen ligg i at barnet skal bu heime, legg ho til.
– Det er kanskje forbunde med skam å snakke om at ein har fått hjelp. Eg veit ikkje om eg ville gjort det sjølv, seier Eilertsen.
– Suksess kan også handle om dei møta me har. Det er vanskeleg å måle, seier Lina Turøy.
– Eg veit at eg har vore med på å gjere ting betre, seier Oddveig Marie Brenno.
Dei barnevernstilsette er i alle fall samde om at det ikkje er arbeidsmiljøet som gjer jobben tøff og sjukefråværet høgt.
– Her er det låg terskel for ein klem, seier dei.