Uvêr på fjellovergangane
Det er vanskelege køyreforhold på vegane andre juledag.
Statens vegvesen rår folk som skal over fjellovergangane mellom aust og vest om å la bilen stå.
Tysdag føremiddag er det berre E16 over Filefjell som er ope. På fjellovergangane til og frå Hallingdal er stoda denne:
Artikkelen held fram under annonsen.
# Rv7 Hardangervidda: Stengd for køyretøy under 7,5 tonn. Kolonnekøyring for tyngre køyretøy.
# Rv52 Hemsedalsfjellet: kolonnekøyring.
# Fv50 Hol-Aurland: Kolonnekøyring frå klokka 10.
Stort snøfall gjer også køyreforholda krevjande i låglandet, men tysdag føremiddag er det ikkje meldt om verken ulykker eller trafikkuhell.