Det letnar i høgfjellet - berre Rv7 har kolonne
Både Rv7 over Hardangervidda og Fv50 Hol-Aurland var stengde for trafikk onsdag morgon.
Rv52 over Hemsedalsfjellet og E16 Filefjell har fri ferdsel, melde Statens vegvesen i dag tidleg. Statens vegvesen tok ny vurdering klokka 0700, og opna då Hardangervidda for kolonnekøyring. Klokka 0800 vart Hol-Aurland opna for fri ferdsel.
Det var ved halv fem-tida onsdag at det vart bestemt å stenge Rv 7. Ny vurdering for strekninga kjem klokka 12.
Artikkelen held fram under annonsen.