Uvanleg stor skredfare
Det har ikkje vore større snøskredfare i fjella i Hemsedal på mange år.
Den europeiske skredfareskalaen går frå 1 til 5. I praksis betyr talet fem at heile bygda ville blitt evakuert. Den siste tida har Hemsedal Skisenter varsla om faregrad 3 og 4, og markert faren med blinkande lys.
– Sidan me begynte med slik varsling, for 6–7 år sidan, har me berre varsla 4 éin dag tidlegare, seier Per Ola Seim. Han er skredeksperten i skipatruljen i Hemsedal Skisenter. Seim seier faregrad 3 er meir enn farleg nok ettersom vekta av ein enkelt skiløpar kan vere nok til å løyse ut skred. Blir terrenget brattare enn 30 grader, er risikoen stor for at ein kan løyse ut skred.
Artikkelen held fram under annonsen.
I praksis betyr faregrad 3 at skredfaren er betydeleg i enkelte bratte heng utanfor alpinbakkane berre ved at ein person kjem inn i området. Dei siste dagane har vinden flytta på store snømengder, og torsdag vart faren oppgradert til 4. Faren er dermed dobbelt så stor som ved faregrad 3. Det igjen betyr at det no er rasfare i dei fleste bratte heng. Skred kan også oppstå utan at det er personar i området.
Skisenteret frårår folk som ikkje har erfaring i skredvurderingar å køyre utanfor merka og preparerte løyper.
– Kva med dei som har erfaring?
– Dei må i alle fall utstyre seg ordentleg og tenkje seg godt om når terrenget blir brattare enn 30 grader. Er det dårleg sikt, gjer det både køyring og eventuelle redningsaksjonar vanskeleg. Mitt inntrykk er likevel at det er eit auka fokus på sikkerheit og at informasjonen kring dette aukar, seier Seim.