To bilar kolliderte ved innkøyringa til Nesbyen fredag kveld.
To bilar kolliderte ved innkøyringa til Nesbyen fredag kveld.

Ulykke ved Nesbyen

To bilar kolliderte ved Nesbyen omkring klokka 18.30 fredag kveld.

Kollisjonen skjedde ved innkøyringa til Nesbyen.

Ein mann i 30-åra er meldt for å ha mista kontrollen på bilen slik at den skleid inn i den andre bilen. Operasjonssentralen i Sør-Øst politidistrikt melder om at ingen personar skal vere skadde. Trafikken på Rv7 gjekk sakte forbi ulykkesstaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare fredag kveld rykka nødetatane i Gol ut til ein utforkøyring ved Kamben høyfjellshotell på Golsfjellet. Bilen skal ha velta, men føraren var uskadd.

Det er mykje trafikk på Rv7 fredag kveld. Kombinert med snøvêr gjev det til dels vanskelege køyreforhold.