Medan Mariann Storeli Leonsen låg livredd på golvet, valde politiets operasjonsentral å la henne ligge utan å få hjelp.
Medan Mariann Storeli Leonsen låg livredd på golvet, valde politiets operasjonsentral å la henne ligge utan å få hjelp.

Ukjende personar kom på døra om natta: Politiet rykte ikkje ut

Ei kvinne i Nesbyen bad politiet om hjelp midt på natta. Men hjelpa kom ikkje.

– Dette var skremmande, seier Mariann Storeli Leonsen.

Familien bur i eit bustadfelt i Nesbyen. Ektemannen er pendlar og var i Drammen. Ho låg i huset og sov då ho bråvakna av lydar utanfor soverommet i første etasje natt til tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg høyrde stemmer på baksida og krafsing i pukken. Plutseleg såg eit ansikt som kikka inn gjennom soveromsvindauga. Eg vart heilt skjelven. Det var så ekkelt, seier ho.

Låg på golvet

Mariann kom seg opp av senga og la seg på golvet, mens ho ringde mannen sin. Han ringde politiets nødnummer 112.

– Etter å ha lege på golvet sprang eg opp i andre etasje. Då ringde dei frå operasjonssentralen. Han bad meg slå på alt lys samtidig som han spurte om eg såg eller høyrde noko. Såg noko? Eg var jo så redd.

Operasjonssentralen sa at det ikkje var nokon patrulje i nærleiken, men lova at det skulle kome ein politipatrulje, fortel ho.

– Eg ringde svigerfaren min på Gol og vekte den 15 år gamle sonen min, og sat og venta. Svigerfar kom så raskt han kunne. Men politipatruljen som skulle kome, kom aldri. Eg høyrde ikkje meir. Klokka ni om morgonen ringde eg operasjonssentralen og spurte kvifor det ikkje kom nokon patrulje. Då svara dei at det måtte stå om liv og helse før ein patrulje blir kalla ut. Men eg følte at eg var i fare. Mennene som var utanfor huset måtte altså anten ha kome inn i huset, eller eg måtte ha vore skadd før politiet rykte ut, seier ho oppgitt.

– Livredd

– Eg var livredd for at ei vindaugsruta skulle bli knust og at dei kom inn i huset. Ein kan sjølvsagt bagatellisere dette etterpå, men ingen kunne vite om dei kom inn i huset. Eg var heilt skjelven. Det var så mange tankar som for gjennom hovudet.

– Var dei norske?

– Dei prata eit språk som eg ikkje forstod.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis har du reagert etterpå?

– Eg er merkt av det. Eg er redd og skvett fort til. Eg føler meg ikkje trygg. Det verste var kvarteret eg låg på golvet på soverommet, og kjensla av å ikkje få hjelp. Eg er sint på dei som var utanfor huset, og eg er frustrert over systemet. Det eg opplevde gjer meg usikker på om ein får hjelp når ein verkeleg treng det, seier ho.

Styrer patruljane

Det er operasjonssentralen (OPS) i Sør-Øst politidistrikt i Tønsberg som styrer politipatruljane i Hallingdal og prioriterer oppdraga.

I Hallingdal er det aktiv teneste fram til klokka 23.00. Nattetid er det reserveteneste, då blir politifolk kalla ut heimanfrå.

Lokalt politi tok kontakt med henne tidleg på føremiddagen tysdag etter å ha gått gjennom loggen.

– Ein patrulje kom innom til meg. Det var fint at dei kom, seier Mariann Storeli Leonsen.

Ingen kommentar

Hallingdølen har vore i kontakt med Sør-Øst politidistrikt.

Operasjonsleiaren som var på vakt denne natta var ikkje på jobb fredag. Politidistriktet hadde derfor ingen moglegheit til å kommentere dei vurderingane som vart gjort i denne saka.