Ugle i dusjen
Bodil Skaug vart møtt av ei ugle då ho skulle dusje på hytta i romjula.
Dei gjorde store auge begge to, både Bodil og ugla.
– Det var nokon som stirra på meg med store auge, seier Skaug. Ho sprang etter kamera og fekk dokumentert inntrengaren i karmen til baderomsvindauget. Truleg søkte ho ly for vinden. Hytta ligg i eit hyttefelt i Budalen på Geilo.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skaug bur i Ytre Enebakk og har feira julehøgtida på hytta med familie. Ugler har aldri vore med før.
– Me har fått tips om at det kan vere ei hornugle, seier ho.
Om så er tilfelle kan Store Norske Leksikon opplyse at ho finst i heile landet. Det er dei to fjørtoppane som har gitt henne namnet. Ofte blir ho forveksla med jordugle, som er om lag like stor.
Hornugla er sjeldan å sjå, fordi ho er nattaktiv og som regel gøymd om dagen. Eksemplaret i vindauget var med andre ord noko døgnvill. Det er smågnagarar og mus som er «levebrødet».
– Ho flaug utan å ha fått verken vått eller turt her, seier Skaug som omsider fekk dusja, utan tilskodarar.