«Turte» er framleis borte: Ønsker å koma i kontakt med mann med hund
Anders Reime på Geilo saknar framleis hunden sin, «Turte» som vart borte cirka klokka 17 på nyttårsaftan.
Hunden vart borte på frå Uthusslåtta 30. Ho er ein blanding av jack russel terrier og bichon havanais. Ho er fem år, og det har pågått omfattande leiting etter hunden.
Seint torsdag kveld bad Reime om å få med denne meldinga om «Turte»:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me ønsker å kome i kontakt med mann med hund og alle som var på parkeringsplassen til Vestlia skisenter/Ski Geilo mellom kl 15.20 -15.25 på første nyttårsdag. Då vart hunden ble observert der. Me vil gjerne også ha kontakt med folk som kan ha sett Turte også tidlegare og seinare, seier han.
Stakk av
Men det var på ettermiddagen nyttårsaftan at «Turte» vart borte.
– Me var ute med hunden, og uheldigvis var ho ikkje i band. Då nokon skaut opp rakettar, stakk ho rett til skogs. Sidan har me ikkje sett noko til henne. Det tek til å bli ganske lenge no, seier Reime.
– Ho er ganske nervøs av seg, seier hundeeigaren som blir veldig glad om nokon har sett hunden, eller veit noko om kor han kan vera. Reime har telefon 93287674.
– Ring først
Reime seier «Turte» kan vera redd, og ber om at folk tipsar direkte.
– Typiske plassar å sjekke er der ho kan stikke seg vekk, under terrassar og gjerne der det er litt varmt, seier Reime
Hundeeigaren fortel at «Turte» sat i eit vindfang der det var vanskeleg å koma seg ut, men klarte likevel å koma seg derifrå. No freistar dei blant anna å kontakte folk som stod parkert i område for å sjå om det kan vera bilkamera som har fanga opp hunden.