Turistsjefen sluttar i stillinga
Pål Knutsson Medhus skal slutte i stillinga som turistsjef i Hol.
Medhus har teke dette valet i samråd med styret i Visit Geilo og styreleiar Roger Espeli.
Onsdag ettermiddag informerte styret Visit Geilos medlemmer om avgangen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Lidenskap og entusiasme
Pål Knutsson Medhus har vore ein profilert turistsjef sidan 2012.
– Det har vore fem spennande år, og eg trur fem år er nok, seier Medhus.
Som turistsjef seier han sjølv han «har gitt full gass og jobba ein del».
– Ein altoppslukande jobb?
– Ja, det er slik det vart, men slik har turistsjefsjobbar alltid vore. Ein må ha lidenskap og entusiasme om ein skal drive med dette.
– Kva gjer du framover?
– Eg har planar og håpar å arbeide vidare med vertsskap og sørge for at folk som kjem til kommunen har det bra, seier Medhus, som også vil tilbake i manesjen som foredragshaldar og underhaldar.
Samde om avgjerda
Årsaka til at Medhus og Visit Geilo avsluttar arbeidsforholdet er samansett.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har hatt samtalar sidan i haust om vegen vidare. Eg lurte på om det var mogleg å trappe noko ned som turistsjef, seier Medhus.
Til det svara Espeli og styret:
– Skal me ha ein turistsjef, må det vere i 100 prosent stilling.
Både Espeli og Medhus er samde om at dette er rett avgjerd no.
– Og no må de ut på jakt etter ny turistsjef, Espeli?
– Me leitar ikkje umiddelbart etter ein ny turistsjef. Først skal me arbeide med vegen vidare for Visit Geilo. Det arbeidet startar i januar.
Organisering og økonomi
Styreleiaren takkar Medhus for innsatsen gjennom fem år.
– Pål har gjort ein kjempejobb. Me ser for oss å samarbeide med han vidare. Pål er ein person me vil dra nytte av, seier Espeli.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fram mot ei ekstraordinær generalforsamling i februar skal det arbeidast med framtidig organisering og økonomi. Visit Geilo har i dag kring 250 medlemsbedrifter.
– Me må spisse meir og gape over mindre. Målretta marknadsføring vil bli prioritert høgast, seier Espeli.