– Eg tvilar på om det har vore større trafikk på Geilo i jule- og nyttårshelga, seier turistsjef Pål Knutsson Medhus. (Arkivfoto)
– Eg tvilar på om det har vore større trafikk på Geilo i jule- og nyttårshelga, seier turistsjef Pål Knutsson Medhus. (Arkivfoto)

Turistnæringa jublar

Jule- og nyttårstrafikken i Hallingdal har aldri vore større. Både hotell og skiheisar melder om rekordtrafikk.

– Eg har ikkje tal å vise til, men er usikker på om det har vore større trafikk på Geilo i jule- og nyttårshelga enn nokon gong, seier turistsjefen i Hol, Pål Knutsson Medhus.

For eit par dagar sidan hadde han oppsummeringsmøte med hotella og overnattingsbedriftene. Dei var strålande fornøgde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hotella har hatt 85–90 prosent belegg i jule- og nyttårshelga, og det er tilnærma fullt. I helgane har det vore stappfullt, seier han.

Det er ikkje berre hotelldirektørar og turistvertar som gnir seg i hendene.

Seks prosent auke

Også butikkane og skiheisanlegga har hatt gode dagar og rekordtrafikk.

Turistnæringa i Hallingdal melder om rekordtrafikk i jule- og nyttårshelga. Biletet er frå Geilo sentrum i romjula.
Turistnæringa i Hallingdal melder om rekordtrafikk i jule- og nyttårshelga. Biletet er frå Geilo sentrum i romjula.
Dagleg leiar i Skistar Hemsedal, Andreas Smith-Erichsen, har ikkje hatt plass til alle som ville koma til Hemsedal i jule- og nyttårshelga. (Arkivfoto)
Dagleg leiar i Skistar Hemsedal, Andreas Smith-Erichsen, har ikkje hatt plass til alle som ville koma til Hemsedal i jule- og nyttårshelga. (Arkivfoto)
Meir folk enn noko gong, oppsummerer turistvert Arne Nibstad ved Storefjell Høyfjellshotell.
Meir folk enn noko gong, oppsummerer turistvert Arne Nibstad ved Storefjell Høyfjellshotell.

– Skiheisane har hatt ein trafikkauke på bortimot seks prosent frå i fjor. Fleire butikkar har hatt rekordomsetning og melder om tidenes jule- og nyttårssal. Det har også vore storinnrykk i private hytter og fritidsbustader. Bestillingane framover er betre enn siste åra, vinteren ser lovande ut, seier turistsjefen.

– Me fekk ein fantastisk slutt på fjoråret og ein god start på det nye. Ein gunstig «kalender» og flotte snøforhold er ein del av forklaringa på trafikkauken. Og bestillingane utover vinteren er betre enn i fjor, seier direktør Arill Ottersen ved Bardøla Høyfjellshotell.

– Full effekt

Dagleg leiar i Skistar Hemsedal, Andreas Smith-Erichsen, melder også om fulle hus og stor trafikk.

– Me har hatt full effekt av hyttene og kunne ha leigd ut større volum. Samanlikna med i fjor har me hatt ein liten auke, men kan ikkje få meir enn fulle hus. Me har måtta avvise mange som var for seint ute med å bestille, seier han.

Også i skiheisar, butikkar og restaurantar har det vore trongt om plassen i Hemsedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den store trafikken i butikkar og på restaurantar tyder på at belegget på private hytter også har vore svært bra, seier Smith-Erichsen.

Skiføret trekkplaster

Også dei største hotella i Gol melder om rekordtrafikk.

– Dei to siste jule- og nyttårshelgene har me hatt ein gledeleg trafikkauke. I romjula og nyttårshelga har det vore fullt, og januar er fullbooka i helgane. Det er ein gledeleg tendens at det er «in» å gå på ski i Norge, seier assisterande direktør ved Pers Hotell, Randi Skredegård.

Turistvert Arne Nibstad ved Storefjell Høyfjellshotell er også med i jubelkoret i turistnæringa i Hallingdal.

– Betre enn nokon gong med fullt hus frå me opna i romjula til helga etter nyttår. I skiheisane har trafikken vore dobbelt så stor som i fjor fordi det har vore mykje folk på hyttene på Golsfjellet. Gode snøforhold og fint skiføre er beste trekkplasteret, seier Nibstad.