Turgåar fast på vidda
Ein turgåar står fast på Hardangervidda, i telt utan ski.
Ein turgåar har bede politiet om hjelp fordi han står fast i fjellet. Det er BT som melder dette.
Mannen har opplyst at han er i området Larsbu, opplyser operasjonsleiar Morten Kronen i Vest politidistrikt til avisa. Larsbu ligg nokre kilometer søraust for Finse i Hordaland.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Han har meir eller mindre snødd inne i teltet sitt. Han har gått til fots, og har ikkje ski eller truger, seier Kronen.
Det er ingen akuttsituasjon, melder politiet. Litt etter klokka 10 sette dei likevel i gang ein redningsaksjon frå vest.
Hovudredningssentralen opplyser i 10.30-tida at ein Røde Kors-patrulje er på veg inn i området.
Det er meld om dårleg vêr. Politiet i Hol og Røde Kors Geilo er ikkje involvert.