Ål kommune)
Ål kommune)

Tryggare trafikk ved skulen

Frå og med tysdag 3. november blir det nytt trafikkmønsteret i skuleområdet i Ål sentrum.

Det skal bli tryggare å ferdast for alle trafikantar når det nye trafikkmønsteret blir teke i bruk. Statens vegvesen har bygd busstopp ved idrettshallen, og det har blitt ein heilskapleg trafikkplan for området.

Frå tysdag vil all offentleg skyss til og frå området skje frå busshaldeplassane ved idrettshallen og ved inngangen til Nedre-Ål skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Foreldre som skal parkere og levere ungar til SFO før klokka 08.30 og etter klokka 15.00 kan stå parkert på ungdomsskuleplassen.

Rådmann i Ål, Tone Tveito Eidnes, poengterer at kommunen ynskjer at born og unge i størst mogeleg grad går eller syklar til skulen. Dei trafikkfarlege situasjonane blir ofte skapt av foreldre som hentar og bringar. Foreldre som likevel må levere eller hente ungar ved skulestart eller skuleslutt, må bruke den ytre sirkelen på skuletoppen til korttidsparkering.

Det er forbode å stoppe og parkere langs Sundrevegen i skuleområdet, og etter trafikkreglane er det ikkje lov å parkere eller laste om på ein busshaldeplass.

Ål kommune og Ål lensmannskontor vil aksjonere i området i oppstartsfasen.