Tryggare skiløype med ny kulvert
Endeleg slepp skiløparane på Ustaoset å vere redde for trafikken på Rv7 når dei skal krysse vegen ved Hovdestølen.
Ved avkøyringa til Hovdestølen om lag tre kilometer aust for sentrum på Ustaoset er no siste del av arbeidet med den lenge planlagde skikulverten i gang.
Kulverten er 6,5 meter brei, 5 meter høg og er 24 meter lang. Ikkje rart løypeansvarleg i Ustaoset Vel, Jan Holden, er fornøgd.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er eit stort framskritt.
Uoversiktleg
Holden står i kulverten saman med grunneigar Gunnar Trøen og prosjektleiar i Veidekke, Stein Inge Teigen.
Ein kulvert under riksvegen har vore planlagt lenge. For to veker sidan starta endeleg arbeidet då riksvegen vart graven opp. Arbeidet er venta ferdigstilt i løpet av andre veka i juli. Trøen har saman med Nils Sydness i Geilo Utvikling AS finansiert mesteparten av arbeidet som kostar 4,6 millionar kroner. Trøen seier det var nødvendig å få på plass kulverten no.
– Skiløparane har kryssa vegen her med pulk og ungar og hundar. På glatt veg har det vore risikabelt når det i tillegg har vore ei uoversiktleg vegstrekning, seier Trøen.
Hevar riksvegen
Men no blir også vegstrekninga utbetra på strekninga på kring 200 meter.
For i samband med bygginga har Statens vegvesen vorte involvert. Vegvesenet investerer i trafikksikringstiltak på riksvegen ved å bidra til at vegen blir heva med to meter over kulverten. Slik fjernar dei det såkalla lågbrekket i vegen og betrar siktlinja for bilistane.
– Samarbeidet med vegvesenet har vore bra. Dei bidreg både med middel og så styrer dei trafikkavviklinga her i byggeperioden, seier Trøen.
Slit med gammal bru
For løypekøyrar Holden står det no berre att ei stor hindring i skiløypa som går gjennom Rennedalen:
Artikkelen held fram under annonsen.
Ei gammal jernbanebru eit par hundre meter bortanfor den nye kulverten.
– Me slit med brua. Når me køyrer denne løypa, må me likevel snu her ved kulverten fordi me ikkje kjem over med tråkkemaskina. Då må me køyre rundt for å kome til frå andre sida. Det tek to timar ekstra, seier Holden.
– Me har jobba for å bytte ut brua, og Jernbaneverket har sagt den skulle bytast ut i løpet av fem år. No har det gått fire år sidan dei sa det. Me håpar på ei løysing også der, seier Trøen.