– No må me sjå framover, stå saman og verne om butikken og barnehagen, seier FAU-leiar ved Hovet skole, Siv Larsgard. Her med dottera Lukris (2) på armen.
– No må me sjå framover, stå saman og verne om butikken og barnehagen, seier FAU-leiar ved Hovet skole, Siv Larsgard. Her med dottera Lukris (2) på armen.

Trist dag i Hovet

– Me håpa å få behalde skulen og har lov til å sørgje litt i dag. Men det skal meir til for å knekkje ein høværing. No må me sjå framover.

FAU-leiar ved Hovet skole, Siv Larsgard, tok vedtaket om skulenedlegging med fatning fredag, dagen etter kommunestyret sitt vedtak.

– Sjå framover

– Me var førebudde på at dette kunne skje. Så det kom ikkje som noko sjokk på oss at kommunestyret valde Holet. Det er trist å miste skulen, men me kan ikkje grava oss ned. Me må sjå framover og er spente på kva etterbruksgruppa kjem fram til. No blir det viktig å verne om barnehagen og butikken, seier Larsgard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho tvilar ikkje på at elevane får eit godt skuletilbod i Holet. Det er skulen som institusjon og aktivitetssentrum ho tenkjer mest på.

– Skulen er møteplassen i bygda. Eg håpar me framleis kan ha 17. mai-feiring der, bruke gymsalen, svømmebassenget og ha korøvingar. Nyopninga av hoppbakken nyleg gav oss tru på at det framleis er liv laga i Hovet, seier FAU-leiaren.

– Korleis vil skulenedlegginga verke på forholdet mellom høværingar og holingar?

Det var liv og leik på skuleplassen i Hovet fredag. Neste år er skuleplassen tom. (Alle
Det var liv og leik på skuleplassen i Hovet fredag. Neste år er skuleplassen tom. (Alle
– Me er bygdepatriotar som alle andre og håpa i det lengste å få behalde skulen, seier Brit Kaupang.
– Me er bygdepatriotar som alle andre og håpa i det lengste å få behalde skulen, seier Brit Kaupang.
Knut Seim var rektor ved Hovet skole i 32 år og synest det er trist og unødvendig å leggje ned skulen.
Knut Seim var rektor ved Hovet skole i 32 år og synest det er trist og unødvendig å leggje ned skulen.
Pensjonert lærar ved Hovet skole, Bitteba Helland, hadde ein tung dag fredag.
Pensjonert lærar ved Hovet skole, Bitteba Helland, hadde ein tung dag fredag.
– Hovet kjem til å døy ut utan skule, sa Asker-paret Elisabeth og Eirik Glenne som har hatt hytte i Sudndalen. Dei vann kake i kakelotteriet ved Sunnhov som plaster på såret.
– Hovet kjem til å døy ut utan skule, sa Asker-paret Elisabeth og Eirik Glenne som har hatt hytte i Sudndalen. Dei vann kake i kakelotteriet ved Sunnhov som plaster på såret.

– Me har hatt god kontakt med FAU i Holet etter at skulesamanslåinga vart bestemt. No må me vise i praksis at me er ei bygd.

– Håpa i det lengste

Ved nærbutikken på Sunnhov var stemninga meir dyster dagen derpå. Der var ikkje optimismen og trua på framtida like positiv.

– Me er vel bygdepatriotar som alle andre og håpa i det lengste. Når skulen blir tom fryktar me at Hovet blir ei daud bygd. Eg er spent på etterbruken. Når kommunen legg ned skulen for å spara pengar, spørst det om dei har råd til å fyre opp bygningen, seier Brit Kaupang.

Ho stod og selde kakelotterilodd for Hovet Handikaplag utanfor butikken. Skulenedlegging var sjølvsagt samtaletema blant folk som kom og gjekk.

– Bygda døyr ut

– Kva er det du seier? Blir skulen nedlagt? Nitrist og forferdeleg. Bygda kjem til å døy ut. Det er ingen som vil flytte hit utan skule, sa Elisabeth Glenne då ho kom ut frå butikken saman med mannen Eirik og fekk vite at Hovet skule fekk dommen kvelden før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei bur i Asker, men har vore hyttegjester i Sudndalen i over 30 år og reknar seg som fastbuande.

– No blir det ekstra viktig at bygda får behalde butikken, sa dei.

– Stor sorg

To skuleveteranar som har hatt arbeidsplassen sin ved Hovet skole var på handletur på Sunnhov dagen derpå. For dei var det ein ekstra tung dag.

– Eg føler ei stor sorg i dag. Skulebygningen står her, men bygda mistar skulen sin funksjon, sa pensjonert lærar Bitteba Helland, og let det skine gjennom at ho var både trist og lei seg.

Trist var også Knut Seim. Han har vore rektor ved Hovet skole i 32 år og fekk vite at kommunestyret hadde valt Holet i staden for Hovet då han kom på butikken. Han måtte tenkje seg litt om før han sette ord på tankane.

– Dette var svært trist å høyre. Eg unner holingane alt godt. Men dei kunne samla skulen og barnehagen i begge bygdene og unngått nedlegging, sa han.

Rektor ved Hovet skole, Bodil Jensen, er glad for at ventetida er over. Uvissa om kva utfallet ville bli, har tæra på både bygdefolket og dei tilsette både i Hovet og Holet.

– Skulenedlegging går på kjensler og er veldig vanskeleg for alle. No må me leggje alt bak oss og byggje eit framtidsretta og godt skuletilbod for elevane med gode arbeidsvilkår for dei tilsette, seier Jensen.

At valet fall på Holet og ikkje Hovet, vil ho ikkje kommentere.

– Det var delte meiningar i kollegiet. Enkelte vart skuffa, andre tilfredse. Etterbruken ved Hovet skole blir viktig. Skulen sin posisjon i bygda må ikkje bli øydelagt, seier Jensen.