Desinfiserings-roboten er utvikla av selskapet Decon-X på Lysaker.

Trimtur utløyste robot-gåve

Koronapandemien har fått folk ut av godstolen. For Hallingdal sjukestugu enda trimturen med ny intelligent desinfiserings-robot. I gåve.

- Det er viktig å kome seg ut. Få rørt seg, og lufta hovudet. Då kjem også dei god ideane, seier Håkon Myro, dagleg leiar ved Gjensidige Hallingdal som står bak robotgåva til sjukestugu.

Møtte kamerat

Myro var nyleg ute på sin daglege trimtur då han møtte ein god kamerat. Dei to kom i prat - sjølvsagt med god avstand i desse koronatider. Praten pensa fort innpå koronapandemien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Køyrer over tre timar for påskehandelen

- På Dagsrevyen dagen før var det eit innslag om desinfiserings-robotane som blir laga på Ringerike. - Burde ikkje Gjensidige Hallingdal gjeve ein slik robot til Hallingdal sjukestugu, undrast kameraten min. Som tenkt så gjort. Eitt døgn etter var roboten bestilt, fortel Myro.

250.000 kroner

Men fyrst hadde han forsikra seg om at Hallingdal sjukestugu ynskte seg denne typen utstyr. Svaret var eit jublande ja. Dessutan måtte han ha Gjensidige-styrets velsigning på å bruke 250.000 kroner til robotkjøpet.

– Styret støtta forslaget. Gåva er Gjensidige Hallingdals vesle bidrag i kampen not koronapandemien, understrekar Myro som oppmodar alle til å kome seg ut å trimme. - Det kjem mykje godt ut av frisk luft, humrar forsikringssjefen.

– Det kjem mykje godt ut av litt frisk luft, meiner Håkon Myro som er dagleg leiar i Gjensidige Hallingdal.

150 robotar i bestilling

Desinfiserings-roboten er utvikla av selskapet Decon-X på Lysaker. Selskapet satsa for nokre år sidan 60 millionar kroner på å utvikle desinfiseringsmaskiner. Produksjonen er sett bort til Trondrud Engineering på Ringerike.

Ifylgje Lars Fredrik Tvinde i Decon-X vart robotane sett i produksjon i 2105. Frå då og fram til koronautbrotet var det produsert 150 robotar. No ligg det inne 150 robotar i bestilling.

Les også
Kortreist treningsøkt for sprinttalentet

- Pågangen har vore enorm dei siste vekene. Tronrud Engineering produserer for fullt, opplyser Kvinde som ikkje vågar å tidfeste når roboten kjem til sjukestugu. - Men me håpar det skjer så snøgt som råd, seier han.

Dei fleste robotane går til helsesektoren. Men også veterinærklinikkar og storkjøkken er blant kundane.

Enkel å bruke

Desinfiseringsroboten fjernar sjølv dei mest resistente mikrobane, også virus som er meir resistente enn koronavirus. Den er enkel å bruke. Roboten blir plassert i rommet som skal desinfiserast. Deretter er det berre å trykke på startknappen og forlate rommet. Desinfiseringa skader korkje møblar, eller teknisk utstyr, fortel Kvinde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Tok koronatest på symptomfri person - fekk positivt resultat

Sikrare kvardag

Avdelingsleiar Ingeborg Rinnaas ved Hallingdal sjukestugu er svært glad for gåva.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

– Roboten vil vere til stor hjelp for oss. Kvardagen bli enklare og sikrare. Ikkje minst for reinhaldspersonalet som slepp å jobbe i smittesoner, fortel Rinnaas som vart storleg overraska då Myro ringde.

– I tillegg til desinfisering av rom, kan maskinen også brukast på utstyr. Den vil også kome til god nytte den dagen koronapandemien er over, understrekar Rinnaas.

Les også
Karantene i Staveloftet redda jenta frå svartedauden
Les også
Erle (10): – Eg blir litt redd og tenker på at veldig mange skal bli smitta og at gamle skal døy
Les også
Opnar for fleire aktivitetar i Hemsedal