I valkampen var Maria Jartman, som politikar (H) oppteken av Hemsedal som heilårsarbeidsplass, her saman med Jan Strøm som ville slå seg ned trass i eit magert arbeidsliv utanfor «sesongen».
I valkampen var Maria Jartman, som politikar (H) oppteken av Hemsedal som heilårsarbeidsplass, her saman med Jan Strøm som ville slå seg ned trass i eit magert arbeidsliv utanfor «sesongen».

Treng di bedrift ei ledig hand?

Det finst mogelegheiter i eit samarbeid om praksisplass.

I dag, tysdag morgon, er det på ny gründerkafe i Hemsedal. Dagens tema er bedrifters behov for arbeidskraft i ein oppstartsfase.

– Dette er ein stad for både ledige hender og gründerar seier Maria Jartman. Ho er kafévertinne på Elmas kafé, og ein av initiativtakarane til møteplassen. Saman med Gunn Eliassen, næringskonsulent i Hemsedal kommune, har ho invitert til denne arenaen minst ein gong i månaden sidan i fjor haust. Det møter som regel 8–9 personar kvar gong, nokre faste andre nye.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag morgon kjem NAV arbeidslivssenter Buskerud for å informere om mogelegheitene som finst i eit samarbeid om praksisplass, samt aktuelle tiltak frå NAV.

Snart startar det stille sommarhalvåret i Hemsedal, og tradisjonelt går også talet på ledige opp. Det kan også bety nye oppgåver.

NAV Buskerud registrerte 840 nye ledige stillingar i mars. Den høgaste arbeidsløysa var i aldersgruppa 25–29 år, med 660 heilt utan arbeid. Det utgjer 4,8 prosent.