Tre arbeidsledige i Thon-kommunen
Tre personar står utan arbeid i Flå. Det gjev kommunen ein suveren topplassering i Buskerud.
Utrulege 0,6 prosent arbeidsløyse i Flå, syner dei siste tala frå Nav. Oversikta over arbeidsløysa i februar er klar, og viser at stadig fleire har ein jobb å gå til.
Ikkje minst i Flå, der berre tre personar manglar arbeid. Det er sju færre enn på same tid i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Under snittet
Dei aller fleste kommunane i Buskerud opplever ein nedgang i arbeidsløysa. Det gjeld også kommunane i Hallingdal.
Gol har ein solid nedgang på 30 personar frå same tid i fjor. No står 2,0 prosent av arbeidsstyrken i Gol utan arbeid.
Nedgangen det siste året er markant også i Hemsedal og Ål, der det i kommunar no er 13 færre ledige no samanlikna med februar 2011. Likevel har Hemsedal fått fleire ledige den siste månaden, og endar på 2,1 prosent av arbeidsstokken. Det er den høgaste arbeidsløysa i Hallingdal nett no, men likevel langt under landssnittet.
Manglar folk
Arbeidsløysa har gått ned over lengre tid. Ein må tre år attende for å finne like låg arbeidsløyse i Buskerud.
Dette fører til mangel på kvalifisert arbeidskraft i enkelte yrkesgrupper. Nav jobbar derfor med å skaffe meir arbeidskraft, både dei som i dag står utanfor arbeidslivet og gjennom å rekruttere utanlandske arbeidstakarar.
I desse dagar gjennomfører Nav ei undersøking blant over tusen verksemder i Buskerud for å kartlegge kva arbeidskraft dei har behov for no og i tida framover.
Så mange stod utan arbeid i februar 2012 (endring frå februar 2011 i parentes):
* Flå: 0,6 prosent (-7 personar)
* Ål: 1,4 prosent (-13 personar)
* Hol: 1,8 prosent (+5 personar)
* Nes: 1,8 prosent (-2 personar)
* Gol: 2,0 prosent (-30 personar)
* Hemsedal: 2,1 prosent (-13 personar)
* Buskerud: 2,7 prosent (-141 personar)
* Heile landet: 2,7 prosent (-7.862 personar)