Sjåføren fekk 10.000 kroner i bot for å ha køyrd med slitne dekk. (Arkivfoto)
Sjåføren fekk 10.000 kroner i bot for å ha køyrd med slitne dekk. (Arkivfoto)

Trailersjåfør vart straffa

Ein dansk trailersjåfør køyrde på slitne sommardekk på norsk vinterføre.

Han skulle over Hemsedalsfjellet ein oktoberdag i fjor, men kom ikkje lenger enn til Eikredammen.

Der fekk tilhengjaren sleng på det glatte føret. I motgåande retning kom to personbilar. Han trefte desse. Ein person i ein av bilane fekk kragebeinsbrot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han skulle nyleg møtt i Hallingdal tingrett tiltalt for ikkje ha vore aktsam, og for å ha køyrt for fort etter forholda då han mista kontrollen over bilen. Han møtte ikkje, men saka vart fremja likevel.

Påtalemakta meinte at dansken skulle straffast med ei bot på 6000 kroner. Retten kom til at dette var for lite, og dømde han til å betale ei bot på 10.000 kroner subsidiært fengsel i femten dagar. I tillegg må han betale 4000 kroner i sakskostnader. Tingretten kritiserer han for ikkje å ha lagt på kjettingar, men i staden køyrde på is og vinterføre med slitne sommardekk.