Trailer køyrde på personbil bakfrå - mistenkt for aktlaus køyring
Det small mellom ein trailer og ein personbil på Fv40 i Dagali/Skurdalen.
Ulykka skjedde torsdag i 13-tida, i krysset mellom Dagalivegen og Skurdalsvegen.
– Ein trailer har køyrd på ein personbil bakfrå, melde politiet søraust på X.
Artikkelen held fram under annonsen.
Litt seinare kunne politiet utdjupe det som hadde skjedd.
Det var to personar i bilen, eit ektepar frå Vestlandet.
– Ein person vart teken med til sjukehus for undersøking då vedkomande er gravid. Ingen andre involverte vart fysisk skadd, opplyser vakthavande i politiet.
Det var ein mann i 50-åra som køyrde traileren, som altså køyrde inn i personbilen bakfrå. Det blir oppretta sak. Sjåføren har status som mistenkt for brot på vegtrafikklova som slår fast at ein alltid skal ferdast omsynsfullt og vere aktsam.
Sjåføren fekk likevel behalde førarkortet sitt.
Fv40 var stengt ein periode etter ulykka, men klokka 14:20 var vegen open att.