Trafikkfaren over
Den har vore utskjelt og berykta, men no er Trøo-undergangen på Geilo utbetra og ikkje lenger ei fare i trafikken på Rv7.
Torsdag vart byggeprosjektet ferdigstilt og overlevert frå Statens vegvesen og entreprenøren T. Engene AS til Jernbaneverket som er byggherre.
– Det har vorte eit flott og ope anlegg. Og no slepp trailerane å stoppe før dei skal gjennom undergangen, seier byggeleiar Bo Steen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Trafikkfarleg
For Trøoundergangen har vore både eit irritasjonsmoment og ein trafikkfarleg stad.
Store lastebilar og trailerar slo opp i jernbanebrua fleire gonger i veka. Det skapte køar, men ikkje minst kunne det fått alvorlege konsekvensar.
– Det er berre flaks at tog ikkje har spora av her, seier tilstandskontrollør i Jernbaneverket, Kjell Erik Giljarhus, og siktar til dei mange nesten-ulykkene.
I 2007 kunne det gått verkeleg gale. To personbilar på ein biltrailer vart skrelte av då traileren køyrde gjennom undergangen. Samstundes kom eit tog på jernbanelina. Sidan har det vorte mange nestenulykker og lensmann Torstein Seim uttala i 2011 at han frykta liv kunne gå tapt dersom noko ikkje vart gjort.
Ny veg
Men no er både undergangen og vegen flunkande ny. Vegen er senka og lagt om for å få ein snillare kurvatur og i den nye kulverten er frihøgda heva frå 4 meter til 4,90. Vegbreidda er på 10,1 meter.
– Nokre har lurt på om bakken framleis er for bratt for trailerane, men dette er ikkje noko problem, seier Steen.
Ein ny Trøo-undergang er ikkje viktig berre for lokaltrafikken. Rv7 er sterkt trafikkert i helgar og feriar, og etter tunnelbrannar på Vestlandet dei to siste åra har vegen også vorte omkøyringsveg for mange. No er det slutt for flaskehalsen. Ei dryg veke før planlagt er anlegget ferdig.
– Alt har gått etter planen, seier anleggsleiar i T. Engene AS, Roar Evjen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alvorleg ulykke
Undervegs i arbeidet som har vara i om lag to år har det vore ei alvorleg ulykke.
Den skjedde 3. september 2014. Då omkom tre menn frå firmaet Årstein Jensen Fjellsprenging i ei sprengingsulykke. Ulykka prega lokalsamfunnet. 80 personar vart evakuert frå bustadhusa sine i halvanna døgn og to hus måtte etter kvart rivast på grunn av omfattande skader. Fleire andre hus fekk større eller mindre skader. Men kva som gjekk gale er enno ikkje avklara. Framleis ventar både anleggsbransjen og offentlegheita på svar.