Slik såg det ut på Rv7 ved Topcamp Hallingdal i Ål tysdag like før klokka 14.

Trafikken stoppar opp - Rv7 stengt også i øvre Hallingdal

Tysdag ettermiddag er Rv7 stengt også i Ål.

Statens vegvesen melder at vegen er stengt ved Breie, vest for Ål sentrum.

Fleire stader fossar det vatn inn i vegbanen. For eksempel i området Top Camp Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

På mange sidevegar er det også problem, og det blir jobba på spreng med å halde vatnet unna viktige vegar.

Ein bekk har gått over sine bredder, og stikkrenna er tett ved Ruud på fylkesvegen mellom Svenekerud og Nesbyen. Dette har bydd på problem med mykje vatn i vegbanen, trafikken går sakte her. Presis Vegsdrift er i gang med å rette dette problemet.

Rv7 er også stengt like sør for Nesbyen. Det er omkøyring via Ruudvegen på austsida av sentrum. Her går trafikken sakte på grunn av ein bekk som har gått over sine bredder. Stikkrenna som tek i mot denne er tett, og det er sett i gang arbeid for å løyse dette.

I Hol er Fv50 stengt mellom Hagafoss og Holet der det har gått eit stort jordskred.