Torleif Kinneberg. (Arkivfoto).
Torleif Kinneberg. (Arkivfoto).

Torleif Kinneberg: – Sette morgonkaffien i vrangstrupen

Torleif Kinneberg vart ikkje overraska over at fylkeskommunen går inn for permanent freding av Furuheim. Men han vart overraska over måten han vart informert på.

Han las det i Hallingdølen då han skulle ete frukost torsdag morgon.

– Som eigar av bygget burde eg vere den første som fekk vite det. Dette er tredje gongen eg får servert nyheiter om Furuheim gjennom media. Eg syns det er horribelt at eg skal få det i fleisen gjennom Hallingdølen, mens eg set morgonkaffien vrangstrupen, seier Kinneberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner dette føyer seg inn i rekkja av dårleg sakshandsaming frå Buskerud fylkeskommune.

Brukar ikkje ei krone meir

Kjøpet av det gamle tunet har totalt kosta Kinneberg 6–7 mill. kroner. I vår uttalte han at det ikkje var aktuelt å bruke meir pengar på Furuheim.

– Kva gjer du viss Riksantikvaren går inn for permanent freding og krev at du skal setje husa i stand?

– Då seier eg som eg har sagt – eg kjem ikkje til å bruke ei krone til. Eg går ut frå at fylkeskommunen og Riksantikvaren har ein plan for korleis husa skal setjast i stand viss dei blir freda. Eg har brukt nok tid og pengar på dette, seier han.

Varslar søksmål

Den opphavlege planen til Kinneberg var å rive dei gamle husa for å gje plass til eit moderne næringsbygg i sentrum. Dei planane blir det ikkje noko av, dersom Riksantikvaren fredar Furuheim.

– Vurderer du å gå til søksmål og krevje erstatning?

– Det er ikkje umogleg at det kjem eit erstatningskrav, seier han.

– Kven er adressaten for eit slikt krav. Gol kommune?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har eg ikkje vurdert ferdig, men det er vel ikkje utenkjeleg om eit slikt krav blir retta mot Buskerud fylkeskommune og Riksantikvaren, seier han.

Får ikkje skryt for samarbeidet

Kinneberg føler at det har gått prestisje i saka frå Buskerud fylkeskommune si side.

– Denne saka var avgjort lenge før dei sette seg ned for å greie ut spørsmålet, seier han.

– Arnt Magne Haugen hjå Riksantikvaren seier de har hatt ein god dialog gjennom denne prosessen.

– Eg har hatt ein god dialog med Haugen, men fylkeskommunen skal ikkje få noko skryt av meg for godt samarbeid, seier han.

– Dette er tredje gongen eg får servert nyheiter om Furuheim gjennom media.

Torleif Kinneberg. huseigar