Her blir dei to kvinnene redda frå fjellhylla
Det vart mange timar i fjellet for dei to turgåarane.
Politiet fekk måndag klokka 11.30 telefon frå to kvinner som bad om hjelp. Dei hadde gått seg fast i fjellet, og sat stranda på ei fjellhylle ved Preinsrudtind i Hemsedal. Fjellhylla ligg omtrent ti meter frå toppen.
Nødetatane rykte ut, og luftambulansen vart sendt til staden.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har ikkje fått henta dei ut enno. Det var nokre utfordringar med vinden, så luftambulansen måtte organisere på nytt, sa operasjonsleiar i Sør Øst politidistrikt, Marianne Mørk til Hallingdølen rundt klokka 13.30.
Politiet var også på staden, men avventa med å sende nokon opp i fjellet til fots. Luftambulansen forsøkte å hente kvinnene opp med båre, men til slutt vart ein redningsmann sendt ut for å ta seg nedover mot dei.
Cirka klokka 15.00 melde politiet at begge dei to kvinnene var blitt henta ned frå fjellet. Begge er uskadd.