Kommunelege Helge Enerstvedt ber folk halde fram med dei gode smitteverntiltaka.

To nye smittetilfelle i Hol - sporar også smitta turistar på gjennomreise

Smittesporingsgruppa i Hol har hatt mykje å henge fingrane i det siste døgnet.

For nokre dagar sidan skreiv Hallingdølen om eit reisefølgje som hadde kome frå utlandet til Hol. Det viste seg at tre av disse var smitta av koronaviruset. Onsdag fortel kommunelege Helge Enerstvedt at to personar til er bekrefta smitta. Begge er knytt til hendinga med reisefølgjet.

– Det var slik sett ikkje uventa. Men me meiner å ha god oversikt og kontroll over denne situasjonen, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smitta på gjennomreise

Men samtidig som dei to ferske tilfella er avgrensa og avklart, har smittesporarane fleire ting å jobbe med.

– Det gjeld kartlegging av to uavhengige saker, der det er bekrefta smitte hjå personar som nyleg har besøkt kommunen, fortel Enerstvedt.

Les også
Gol vart råka av deltaviruset - ny person smitta

Desse har no reist vidare, men var på besøk og overnatta i kommunen. Dei tok ein test og fekk bekrefta smitte først etter at dei hadde reist vidare.

– Sporarane kartlegg no om det er potensielle nærkontaktar lokalt, seier Enerstvedt.

– Det er ikkje over

Det har vore ein sommar med mykje trafikk og mange besøkande i regionen. I tillegg har folk vore meir sosiale enn før. Enerstvedt fortel at dei var godt budd på at det ville dukke opp fleire smittetilfelle som følgje av dette. Dei to smittetilfella som Hol har fått no, er det sjette og sjuande på ei dryg veke.

– Dette er ei påminning om at pandemien ikkje er over, og at me framleis må tenke på smittevern. Å ha god handhygiene, halde avstand eller bruke munnbind, halde oss heime ved sjukdom og ha låg terskel for å teste seg er stadig like aktuelt, seier Enerstvedt.

Sjølv om stadig fleire blir vaksinert, er heller ikkje det nokon garanti:

– Dette gjeld også dei vaksinerte. Vaksinen reduserer rett nok risiko for smitte og alvorleg sjukdom, men den hindrar ikkje moglegheita for smitte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Tre i same reisefølgje testa positivt for korona
Les også
Her var det fullt av liv tidlegare: – Alle bustadområde med barn bør ha eit leikeområde
Les også
Folk har gått heilt bær-bananas
Les også
Klar for 16 mil på hesteryggen