To nye smitta i Hol: - Me har truleg smitte på Geilo
Nyttårsaftan vart to nye personar bekrefta koronasmitta i Hol. Sporarane jobbar med å finne kjelda til den eine.
– Me har no fått to nye positive prøver. Den eine har samanheng med det siste utbrotet me hadde i Hol, seier kommuneoverlege Geir Strømmen.
To utbrot
I vekene rundt jul har Hol hatt to smitteutbrot. Det eine kom helga før jul, der til saman 13 personar vart bekrefta smitta. Det andre kom i romjula, og var ei stund uavklart. Kjelda er framleis ikkje funne.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har hatt, eller har, truleg smitte på Geilo, seier Strømmen.
Så lenge smittesporarane ikkje greier finne kjelda til nokon som er smitta, er det ein fare for at det går nokon rundt i bygda som er koronasmitta utan å vite om det. På det viset kan dei, utan å vite det sjølv, smitte andre.
Ukjent kjelde
Den andre personen som vart bekrefta smitta nyttårsaftan har ingen samanheng med utbrotet.
– Her er smittekjelda ikkje kjent enno. Smittesporarane jobbar med å finne ut av det, seier Strømmen.
Med dei to nye tilfella har i alt 20 personar blitt smitta av koronaviruset i Hol dei siste to vekene. Onsdag fekk Hallingdølen opplyst at Hol var oppe i 23 smitta, men dette seier Strømmen er feil. Det rette talet er 20.