To millionar i startlån

Nore og Uvdal kommune søkjer Husbanken om to millionar kroner i startlån til unge som vil etablere seg.

Det er stor pågang i Nore og Uvdal etter gunstige startlån til unge fyrstegongsetablerarar og vanskelegstilte. Tidlegare startlån i Husbanken er straks brukt opp, og fleire søknader er under behandling.

Kommunestyret har vedteke at kommunen skal søkje Husbanken om eit nytt startlån på to millionar som skal lånast ut vidare til lokale søkjarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Låna er annuitetslån med flytande rente og 22 års avdragsfritak.