Gunnar Bodahl-Johansen. (Presse
Gunnar Bodahl-Johansen. (Presse

– Tillit er avhengig av innsyn

– Av og til tenkjer eg at forvaltinga ikkje kan lova. Andre gonger trur eg dei prøver å utnytte at pressa ikkje veit at dei har rett til innsyn.

Det seier fagmedarbeidar ved Institutt for journalistikk, Gunnar Bodahl-Johansen. Han er ein av dei i norsk presse som har jobba mest med offentleglova. Lova skal sikre at offentlege etatar er opne og gjennomsiktige slik at borgarane kan føre kontroll med forvaltinga.

Bodahl-Johansen er jamleg i kontakt med norske journalistar som blir nekta innsyn i dokument i den offentlege forvaltinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje uvanleg at dei viser til at det er inngått avtale om hemmeleghald. Ofte er det nettopp slike saker det er viktig å få innsyn i, seier han.

Han seier at offentleglova sikrar pressa ein lovfesta rett til innsyn i forvaltinga. Denne retten er grunnleggjande for demokratiet. Likevel møter Bodahl-Johansen stadig på saker der kommunane og andre forvaltingsorgan prøver å forpurre pressa sin rett til innsyn.

– Forvaltinga disponerer skattebetalarane og fellesskapet sine pengar. Tilliten til forvaltinga er avhengig av at publikum får innsyn i korleis dei forvaltar dette ansvaret, seier han.