Tidlegare rektor i Hol står fram: Fortel om sine vanskar
Frelsesarmeen inviterer til seminar om angst. Magne Berg som har «stått i det» pratar opent om angsten.
Kva gjer angst og andre psykiske lidingar med relasjonane rundt ein? Korleis kan ein best mogleg bygge gode relasjonar saman med, og for, menneske som slit psykisk? Dette er sentrale spørsmål foredragshaldaren Magne Berg vil snakke om laurdag når Frelsesarmeen Hallingdal inviterer til ope seminar med tema «Angst og relasjonar».
På rømmen
Magne Berg er ikkje utdanna innan psykologi eller psykiatri, men brukar sine eigne erfaringar etter å ha slite med angst i over 20 år.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg utvikla angst som barn. Eg hadde ein eksistensiell angst, der dei store spørsmåla som døden og meininga med livet skapte uro. Det sette seg fast i barnesinnet, fortel Berg. På ungdomsskulen fekk han tilbod om psykolog.
– Eg var på rømmen frå angsten og prøvde å unngå det. Eg begynte å isolere meg, men så skjønte eg at det går ikkje an å halde på slik som dette. Eg begynte å gi angsten motstand, og møtte den ansikt til ansikt. Eg søkte profesjonell hjelp. Vendepunktet mitt var nok tida på Modum, som er ein institusjon for behandling av psykiske lidingar. Der møtte eg angsten og gjekk inn i tankane og kjenslene. Men profesjonell hjelp er berre ein del av behandlinga, for det kan ikkje løyse alt, fortel Berg.
Han meier at ein må våge og ville, kombinert med trua på at det nyttar, samtidig som det er viktig med positive folk rundt seg.
– Det er eit stort uforløyst potensial blant enkeltmenneske og ulike typar fellesskap som kan vere ein god ressurs i arbeidet med forbetra psykisk helse i samfunnet. Mykje kan løysast utanfor fagmiljøet. Det handlar ofte om noko meir kunnskap, medvit, koordinering og ikkje minst mot, held han fram.
Eit tabu-tema
Berg fortel at fem prosent av det norske folk har generaliserande angst, i kortare eller lengre periodar. Lidinga er særprega ved at ein er mykje engsteleg, og små ting i kvardagen blir vanskeleg. Angst og psykiske lidingar er tabu i samfunnet.
– Det er ei veldig personleg sak, som det er for lite fokus på. Ein høyrer ofte andre begrep som «han slit med nervane», eller «han er gal.» Det kan vere vanskeleg å endre oppfatninga av angst, når det har vore tabu så lenge, men nokon er nøydd til å stå fram. Viss ingen går føre kjem det til å ta veldig lang tid, seier Berg. Han tykkjer det er veldig fint å rette fokuset mot utfordringar mange har.
– Kan leve aktivt med ei liding
Gjennom studiar, jobb, fritid og familieliv har han måtta forhalde seg til lidinga på ulike måtar. Han har tidlegare vore rektor på Geilo barne- og ungdomsskole. No jobbar han som kommunalsjef for oppvekst i Åsnes kommune. På fritida er han aktivt med i Frelsesarmeen, og Frelsesarmeen Hallingdal som har base på Gol.
– Ein kan leve veldig aktivt sjølv om ein har ei liding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eigne erfaringar
Berg fortel opent om si tid med angst og vil gjerne hjelpe andre.
– Målgruppa for seminaret er eigentleg alle med interesse for temaet. Angst og relasjonar er noko som berører veldig mange, både direkte og indirekte. Dette er ikkje eit seminar utelukkande for fagfolk. Seminaret varar nokre timar utover føremiddagen. Det er inga påmelding. Sundag føremiddag talar eg på Frelsesarmeens føremiddagsgudsteneste, som er open for alle, fortel Magne Berg.