Thontiftelsen til Flå
Olav Thon Stiftelsen får adresse Flå. Men millionane renn ikkje ned i kommunekassa.
– Det er likevel veldig positivt at stiftelsen blir flytta til Flå og administrert herfrå, seier ordførar Tor Egil Buøen.
Milliardæren og eigedomskongen Thon har eit hjarte for Flå. I løpet av få år har han investert nærmare ein halv milliard i utbyggingsprosjekt i bygda. Det har snudd opp ned på mykje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gladmelding
Midt i arbeidet med budsjettet for neste år kom det ei ny gladmelding frå Thon. Olav Thon Stiftelsen med ein samla kapital på 25,4 milliardar blir flytta til Flå med adresse i Flå Veksthus. Det har styret i stiftelsen vedteke.
Det tente eit lite håp i kommuneadministrasjonen i det Thon-eigde Flå Veksthus. Kunne det drype noko på Flå kommune?
– Dessverre, det gjer nok ikkje det, seier rådmann Odd Egil Stavn.
– Stas
Det var i 2013 at Olav Thon overdrog samtlege aksjar i aksjeselskapet Olav Thon Gruppen til Olav Thon Stiftelsen.
Stiftelsen har til formål er å vidareføre Olav Thon Gruppens omfattande forretningsverksemd som omfattar eige og drift av kjøpesenter og hotell, kontor- og bustadeigedommar. Stiftelsen skal også støtte matematisk-naturvitenskaplege og medisinske fagområde nasjonalt og internasjonalt. Den tildeler inntil ti forskingsprisar på ein halv million kvar årleg. Stiftelsen har hatt Oslo som heimstad, men no får den altså adresse Flå.
– Det er stas, seier Stavn.
Håpte
Stiftelsen betaler berre formuesskatt. Men det blir mange millionar i skatt av ein så stor kapital. 67 millionar er skatterekninga. Skatten går til staten. Men i Flå håpte dei at det også noko kunne renne noko inn i kommunekassa. Det det Thon tenkte også.
– Me fekk eit hint om at noko blir fordelt via eit fordelingsfond. Me har teke dette opp med både Finansdepartementet og Skattedirektoratet. Men me har ikkje fått stadfesta at det skjer eit skattefordeling slik at noko av skatten frå stiftelsen kjem til Flå. Derfor kan me ikkje ta høgde for det i budsjettet, seier Stavn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hadde hjelpt
Nokre ekstramillionar i skatt hadde kome godt med. Flå kommune må gjere kutt på 4,5 millionar neste år.
– Får me noko er det hyggeleg, men det ser altså ikkje slik ut no. Samtidig er det positivt at Norges største stiftelse får adresse Flå og blir administrert herfrå, seier ordførar Tor Egil Buøen.
* Olav Thon Stiftelsen vart oppretta 10. desember 2013, og fekk ved etableringa overført samtlege aksjar i Olav Thon Gruppen AS frå Olav Thon.
* Stiftelsen har ein samla kapital på 25,4 milliardar. Den er Norges største.
* Føremålet er å utøve stabilt og langsiktig eigarskap i Olav Thon Gruppen AS og underliggjande verksemder og langs dei hovudliner som Olav Thon har lagt til grunn for forretningsdrifta si.
* Stiftelsen deler ut inntil ti forskingsprisar innan matematisk-naturvitskapleg og medisinsk fagområde kvart år.
Kjelde: Olav Thon Gruppen og Wikipedia