Testa heile 10. trinn: To nye bekrefta koronasmitta
Smittetalet i Ål held fram å vekse. Sidan laurdag har 14 personar fått positive prøvesvar på koronaviruset.
– Me fekk to nye smitta etter testinga av 10. trinn i går, fortel kommuneoverlege Toril Bøyum til Hallingdølen fredag morgon.
Både 9. og 10. trinn ved Ål ungdomsskule er no råka av koronaviruset. Det same er ein klasse ved Ål vidaregåande skole. Over heile landet er det unge folk som i størst grad blir råka av viruset.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er viktig å seie at det er svært sjeldan barn og unge blir alvorleg sjuke av det. Målet med dei tiltaka me har no er å bremse smitta til fleire er fullvaksinert, seier Bøyum.
Heile 10. klasse vart sendt i karantene torsdag, etter at det dukka opp eit smittetilfelle knytt til trinnet. Smittekjelda er førebels ikkje kjent, noko som gir grunn til uro:
– Dette styrkar mistanken om at det sirkulerer ukjent smitte. Me går derfor breitt ut med testing også denne gongen, sa Bøyum til Hallingdølen torsdag.
Totalt er 26 personar i Hallingdal dei siste to vekene. Dei 26 smitta fordeler seg slik:
Gol: 8
Ål: 14
Hemsedal: 1
Hol: 2
Artikkelen held fram under annonsen.
Nesbyen: 1