Per Olof «Olle» Eriksson er på plass i Skisgaarden saman med kokk Adote Akueson, og kompanjong Tom Hovind. Dei driv frå før T-kroken Burgers og Bar og Kjøkkenkroken i sentrum.
Per Olof «Olle» Eriksson er på plass i Skisgaarden saman med kokk Adote Akueson, og kompanjong Tom Hovind. Dei driv frå før T-kroken Burgers og Bar og Kjøkkenkroken i sentrum.

Tek over etter Bølgen & Moi

Det vart ein kort bølge for kjendiskokk Trond Moi i Hemsedal. Dei nye drivarane har nesten 25 års erfaring frå lokalt restaurantliv bak seg.

Etter 16 år i restaurantlivet i Hemsedal er Per Olof Eriksson mest kjent berre som «Olle». Det er han og Tom Hovind som er dei nye drivarane av matservering i Tinden, gjennom selskapet Skigaarden Restaurantdrift. Dei vil ha ei meir jordnær tilnærming til menyen.

– Det går i reine konsept, seier Hovind.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utvidar frå sentrum

Julestrida starta for alvor 26. desember på Skigaarden. Innandørs vidarefører dei konseptet som dei to også driv i Hemsedal sentrum – Kjøkkenkroken og T-kroken burger og bar.

– Med ulike opningstider betyr det at me kan sikre fleire heiltidsjobb, seier Eriksson. Til vanleg er dei 5–6 nøkkelpersonar i restaurantane dei driv. I høgsesongen, slik som no i julehøgtida, vil dei ha 20–30 i arbeid.

Frå januar av opnar dei i tillegg eit nytt konsept i ei lita bu utanfor Skigaarden i Tinden. I «Weisse og Würste» vil ein sjølvsagt frå servert bratwürst. Inkludert cateringdrift betyr det at 3–4 årsverk truleg snart er oppe i 5–6.

God julehøgtid for tur

Det skapte merksemd at Bølgen & Moi ville satse på restaurantdrift på 1013 meter over havet sist vinter, men bølga vart altså kort.

Det som ikkje ser ut til å vere ei kort bølge er utviklinga på restaurantfronten i Hemsedal. Aldri før har det vore fleire serveringsstader enn i dag. Olle Eriksson har vore med på heile reisa.

– Det har skjedd eit enormt løft. I dag er det vel knapt nokon skidestinasjonar i Norge som kan måle seg med Hemsedal på dette området, seier han. Årets kalender gjer at mange gnir seg ekstra i hendene. Det går jamt fram til 9. januar. Og med god booking betyr det truleg gode tider for lokalt reiseliv.