Tanka og stakk av
Den russiske bilføraren tanka bilen sin full på bensinstasjonen på Veme og held fram turen oppover Hallingdal. Lite visste han at han vart videofilma der han stod å tanka. Dermed vart det ei enkel oppgåve for politiet å finne bilen att. Ein times tid seinare vart russaren observert og stoppa av politiet på Rv7 mellom Flå og Nes.
– Bilføraren fortalde politiet på staden at han trudde han hadde betalt med kortet sitt, men det var ikkje belasta. Så dette ser ut til å vera ei misforståing. Sjåføren vart beden om å ta ut pengar i næraste minibank og me gav han sjansen til å gjera opp for seg, fortel operasjonsleiar Gro Rundbråten ved Nordre Buskerud politidistrikt til Hallingdølen sundag ettermiddag.