Talet på smitta i Hol aukar kraftig: Over 50 nye siste døgn
På tre dagar har 150 personar blitt koronasmitta i Hol. Både skule, legekontor og sjukeheim er råka.
På Høgehaug har fire tilsette testa positivt for koronaviruset. Det fortel kommuneoverlege Silje Koldal onsdag ettermiddag.
Det går derfor føre seg omfattande testing av alle som er knytt til Høgehaug. Men så langt har ingen bebuarar fått bekrefta smitte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er elles skulen som er hardast råka. Som Hallingdølen melde i går har det dukka opp smitte på dei fleste trinn.
– På grunn av dette, og at me har store utfordringar med bemanning, må me prioritere om personell. Det er no digital undervisning for 5.-10. trinn, fortel kommuneoverlege Silje Koldal. Dette gjeld Geilo barne- og ungdomsskule, samt Dagali og Skurdalen oppvekstsenter. På Hallingskarvet går undervisninga føre seg som normalt.
1.-4. trinn på Geilo barne- og ungdomsskule møter på skulen som vanleg.
Barnehagane er ikkje like hardt råka, og har normal drift.
Det har vore knalltøffe dagar for dei som tek seg av sporing og testing i Hol. Onsdag kunne Koldal fortelje at dagen har vore ein smule rolegare enn elles denne veka.
– Trykket på testing er noko mindre. Det er sett inn ekstra ressursar i testing og sporing, og me klarar å halde tritt, seier Koldal.
Legekontoret har også blitt råka av smitte, og alle pasientar blir no handtert på video.