Fleire bussar er sett opp på dei vanlege avgangane mellom Geilo og Kongberg.

Styrkar busstilbodet mellom Geilo og Kongsberg

Brakar aukar kapasiteten på busslinje 420 Geilo-Kongsberg.

Etter stor pågang av passasjerar på busslinja onsdag aukar Brakar kapasiteten på linja for å hjelpe reisande frå Hallingdal. Det er ingen flaum i Numedal, så bussen køyrer som vabkleg her. Frå Kongsberg er det togtilbod vidare sørover.

Brakar køyrer ikkje fleire avgangar, men køyrer ekstra bussar på dei vanlege avgangane. Dei har foreløpig sett opp ekstra bussar på avgangar i morgon, torsdag 10. august.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brakar seier at dei følgjer med på trafikken og vurderer vidare behov framover.