Rådmann Tone Tveito Eidnes har ikkje gjort framlegg om eigedomsskatt for neste år. Men ho inviterer med dette til debatt. (Arkivfoto)
Rådmann Tone Tveito Eidnes har ikkje gjort framlegg om eigedomsskatt for neste år. Men ho inviterer med dette til debatt. (Arkivfoto)

Straumkutt og eigedomsskatt

Innbyggjarar og næringsliv i Ål må rekne med å betale meir for straumen neste år. Men forlaget frå rådmannen inneber likevel ingen «straumsjokk».

Forslaget lyder på å ta bort rabatten til forbrukarane når kraftprisen ligg mellom 20 og 35 øre per kWh. Dette vil gi Ål kraftverk og dermed kommunen ei meirinntekt på 2 mill. kr neste år. Rådmannen har også vurdert å ta bort taket på 35 øre og dermed overlata straumkundane i Ål til marknaden. Dette vil kunne gje kommunen store inntekter når prisen er høg, men er ikkje noko aktuelt forslag no.

Rådmannen reiser også tanken om innføring av eigedomsskatt. Ut frå nivået i Gol kan dette gi inntekter årleg til kommunen på rundt 6 mill. kr årleg. Dette ligg ikkje inne i forslaget for neste år. Men rådmannen inviterer med dette til debatt.