Fangsten av denne storfisken er truleg er ny rekord i Holselva
Fangsten av denne storfisken er truleg er ny rekord i Holselva

Storfangst i Holselva

Torsdag forrige veke sprengte Thorbjørn Molstad aure-rekorden i Holselva. Kjempa på sju kilo og 51 cm rundt midja sende loddet i botn på vekta.

– Det her er heilt vanvittig stort! Den forrige rekorden var på 3,4 kg, og DET vart rekna som vanvittig stort. Eg er ein ganske ivrig flugefiskar, men rekna ikkje med å få ein slik fangst, fortel Molstad. Truleg er kjempe-auren blant dei største fanga med tradisjonell eihandsflugestang i Norge nokon gong.