Statsminister Jonas Gahr Støre og helseminister Ingvild Kjerkol trør støttande til for å halde helsetilbodet oppe i Hallingdal under flaumen.

Støre sender 18 helsearbeidarar til Hallingdal: – No er det viktig at me gir helsehjelp til dei som er ramma

Regjeringa gir Hallingdal hjelp i form av helseteam på til saman 18 helsearbeidarar.

På grunn av ekstremvêret har statsforvaltaren i dag bede Helsedirektoratet om bistand til helsehjelp. Oslo universitetssjukehus (OUS) sender to helseteam til Hallingdal for å hjelpe til med kommunale helse- og omsorgstenester.

– No er det viktig at me gir helsehjelp til dei som er ramma. Derfor er det bra at fagfolk frå Oslo Universitetssjukehus kan hjelpe kommunane som er råka. Fellesskapet skal stille opp og bidra til at hjelpa når fram til dei som treng det, seier helse og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjerkol rosar fagfolka i kommunen, som står i ein svært krevjande situasjon.

18 personar

Oslo universitetssjukehus sender to helseteam på totalt 18 personar til Hallingdal. I første omgang blir team frakta til Ål kommune kor dei i løpet av kvelden og natta vil bli sett ut for å hjelpe i den lokale helse- og omsorgstenesta. I morgon tidleg vil det bli gjort ei vurdering om det har vore endringar i situasjonen som tilseier at dei andre råka kommunane også vil få hjelp frå teama.

Teama består av teamleiarar, legar, sjukepleiarar og paramedics.

Evakuert og isolert

Fleire av dei som arbeider i den kommunale helsetenesta er evakuert, isolert eller på annan måte forhindra frå å stille på jobb. Kommunen har derfor vanskar med å bemanne helse- og omsorgstenestene i kommunane, og omkringliggande kommunar er forhindra frå å bidra med helsepersonell på grunn av stengde vegar.

Helsedirektoratet og OUS har direkte dialog med kommunane for å klargjere korleis helseteama kan brukast best mogeleg.