Stor spenning: Desse kjempar om sistemandata
Kampen om sistemandatet i kommunestyra er spennande og kan fleire stader endre seg i løpet av dagen.
Hallingdølen gir deg oversikten over kven som lever farleg i kommunestyra. I alle kommunar har eitt parti sistemandatet, og dette kan dei miste til eit anna parti.
Den endelege mandatfordelinga er venta i kveld, tysdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ål
Sistemandatet per tysdag morgon: Senterpartiet
Utfordrar som kan vinne det siste mandatet: Arbeiderpartiet
Hol
Sistemandatet per tysdag morgon: Arbeiderpartiet
Utfordrar som kan vinne det siste mandatet: Høyre
Nore og Uvdal
Sistemandatet per tysdag morgon:Høyre
Utfordrar som kan vinne det siste mandatet: Arbeiderpartiet
Gol
Sistemandatet per tysdag morgon: Arbeiderpartiet
Utfordrar som kan vinne det siste mandatet:Fremskrittspartiet *
Artikkelen held fram under annonsen.
Hemsedal:
Sistemandatet per tysdag morgon: Venstre **
Utfordrar som kan vinne det siste mandatet: Arbeiderpartiet
Nes:
Sistemandatet per tysdag morgon: Nes bygdeliste
Utfordrar som kan vinne det siste mandatet: Høyre
Flå
Sistemandatet per tysdag morgon:Bygdelista for Flå
Utfordrar som kan vinne det siste mandatet:Ikkje oppgitt
Viken
Sistemandatet per tysdag morgon: Arbeiderpartiet
Utfordrar som kan vinne det siste mandatet: Høyre
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette er ekstra spennande sidan Arbeiderpartiet og Høyre slik stoda er tysdag morgon båe har 22 mandat.
.
*Frp i Gol er per tysdag morgon ikkje inne i kommunestyret, men dette kan endre seg om dei vinn det siste mandatet frå Arbeiderpartiet.
** Venstre er inne med berre eitt mandat i Hemsedal, og står altså i fare for å tape dette eine til Arbeiderpartiet.