Statens vegvesen vil ikkje pøse på vegsalt når det er så kaldt som nå.
Statens vegvesen vil ikkje pøse på vegsalt når det er så kaldt som nå.

Stoppar saltinga i kulda

Statens vegvesen går over til vinterkvite vegar. Iallfall for ein periode.

Dei låge temperaturane som er meldt i dagane framover gjer at Statens vegvesen har stoppa salting av vegane.

Dermed må bilistane bu seg på skikkeleg vinterføre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette gjeld alle vegar i fylket som ein har brukt å salte heilt eller delvis.

Vegvesenet oppmodar bilistane sterkt om å køyre etter forholda, halde farten nede, og syte for god avstand til køyretøyet framfor. Tunge køyretøy må bruke kjettingar oftare enn elles

– Krava til friksjon på vintervegar er lågare enn på berre vegar. Trafikantar må derfor ta høgde for at forholda på dei vegane som vanlegvis er berre på grunn av salting, blir meir krevjande å køyre på ved at friksjonen er lågare, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.