Mens gjestene i Hemsedal stod alpint i vinter, var Hemsedal Alpine Suites i ferd med å reise seg. Trass i 600 nye senger ønskjer Skistar fleire for å kunne vekse meir. Heiskortsalet auka med 9,6 prosent i vinter, samanlikna med sesongen før.
Mens gjestene i Hemsedal stod alpint i vinter, var Hemsedal Alpine Suites i ferd med å reise seg. Trass i 600 nye senger ønskjer Skistar fleire for å kunne vekse meir. Heiskortsalet auka med 9,6 prosent i vinter, samanlikna med sesongen før.

– Sterk vekst som kunne vore større

Skistar auka heiskortsalet i Hemsedal med nær 10 prosent. Med fleire tilgjengelege senger ville veksten vore større.

– Det er ei fin utvikling, seier Andreas Smith-Erichsen. Dagleg leiar i Skistar Hemsedal kan endeleg kommentere 2015/2016 sesongen, ettersom Skistar AB i dag offentleggjorde delårsrapporten.

125 millionar kroner i heisomsetning er ein auke på 11 millionar (9,6 prosent) frå fjorårssesongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Byggjer senger for vidare vekst

Smith-Erichsen forklarar dei gode tala med hardt arbeid lokalt og nokre faktorar dei ikkje sjølv rår over.

– Me har hatt ein fantastisk valutasituasjon, og lokalt brukar me mykje tid og ressursar på å optimere fylling av senger. Hadde me hatt fleire senger, ville auken vore større, seier han.

I vinter var Skistar-sjefen klar på behovet for fleire utleigesenger, blant anna i eit møte med formannskapet.

Seinare har kommunen starta eit arbeid for å ettersjå at senger som er regulert til utleige også blir brukt til det.

Skistar på si side er i gang med å byggje eit nytt leilegheitsbygg sentralt i skianlegget, med 600 senger. Hemsedal Alpin Suites har ein prislapp på 300 millionar kroner.

– Fleire står meir på ski

Det svenske Skistar AB har ikkje klart å auke inntektene vesentleg siste tre månader, men resultatet er vesentleg forbetra gjennom sesongen (+21 prosent).

Driftsmarginen i 2014/2015 var på 19 prosent, og mykje tydar på at årets sesong vil bli vesentleg betre.

Skistar Norge, Hemsedal og Trysil, er begge med på å bidra til veksten. Men der Skistar Trysil berre auka heiskortsalet med fire prosent, er veksten det dobelte i Hemsedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fleire av gjestene i Hemsedal vel å stå meir på ski. Det skjer fordi Hemsedal er Norges sterkaste merkenamn og fordi me øver på å bli god, seier Smith-Erichsen.

Hemsedal styrkar plassen

Alpinanleggenes Landsforbund offentleggjorde også tala for Norges 15 største alpinanlegg i dag. Skistar Trysil er stadig landets største (sjå faktaboks), men Hemsedal tok innpå og styrkar plassen i toppen med størst vekst blant dei fire største.

Geilo hadde vekst på nivå med snittet for bransjen samla (5 prosent) og omsette for 46 millionar kroner. Geilo er rangert som den fjerde største alpindestinasjonen i Norge, men på grunn av kraftig vekst for Oslo vinterpark (27 prosent) er plassen utrygg. Geilo hadde vekst på 10 prosent på rangeringa i fjor.

Voss dett ned eit par plassar på lista etter ein svakare sesong enn rekordåret 2014/2015. Beitostølen opplever same positive trend som Hemsedal.

* Inntekter siste ni mnd.: 1875 MSEK (+ 3 prosent)

* Resultat etter skatt: 449 MSEK (+ 21 prosent)

* Resultat per aksje: 11:45 (+ 21 prosent)

* Heiskortomsetning Hemsedal: 125 NOK (+9,6 prosent)

MSEK = millionar svenske kroner (endring frå 2014/2015)

Kjelde: Skistar.com

Alpinanlegg i Norge

Anlegg - omsetning mill.kr 2015/2016 - endring i prosent frå 2014/2015

1. Skistar Trysil 207 4

2. Skistar Hemsedal 125 9

3. Hafjell alpinsenter 76 3

4. Geilo 46 5

5. Oslo vinterpark 43 27

6. Norefjell skisenter 34 3

7. Myrkdalen fjellsenter 32 17

8. Kvitfjell alpinanlegg 31 10

9. Hovden alpinsenter 28 4

10. Rauland 21 -6

11. Kongsberg skisenter 18 8

12. Skeikampen alpinsenter 17 5

13. Voss resort 17 -15

14. Gaustablikk 16 6

15. Beitostølen 16 9

* Oppdal er ikkje medlem av ALF og er difor ikkje med i oversikta.

Kjelde: Alpinanleggenes landsforbund (ALF)