Statens landbruksforvaltning melder om at 450 norske bønder gir seg med kumjølk i år. Fristen for å melde inn sal var 1. oktober. Då rann 41,7 millionar liter mjølk ut av norsk landbruk.
Statens landbruksforvaltning melder om at 450 norske bønder gir seg med kumjølk i år. Fristen for å melde inn sal var 1. oktober. Då rann 41,7 millionar liter mjølk ut av norsk landbruk.

Sterk auke i sal av mjølkekvotar

På to år har 743 norske mjølkeprodusentar gitt seg. Reduksjonen er størst i år.

I fjor slutta 293 norske kumjølkprodusentar. I år er talet oppe i 450, viser ei førebels teljing frå Statens landbruksforvaltning. Fristen for å få selt kvoten med mjølk gjekk ut 1. oktober.

Kvotane kan bli kjøpt

I fjor selde norske bønder kvotar på til saman 27 millionar liter kumjølk. I snitt var det om lag 92.000 liter per seljar. Legg ein same snitt til grunn for årets sal utgjer salet no kring 42 mill. liter. Kor mykje av dette som vil bli kjøpt opp, vil vise seg etter 1. desember. Då går fristen ut for å få kjøpt kvotar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje endeleg klare

Førebels er Statens landbruksforvaltning godt i gang med behandlinga av årets salssøknader. Dei endelege tala er enno ikkje klare, men vil venteleg bli det innan fristen går ut for å få kjøpt kumjølkkvotar.

Det er i hovudsak berre eigarar av landbrukseigedom med grunnkvote som kan melde inn kvotekjøp. Men også bønder utan grunnkvote, som har kjøpt meir enn 30.000 liter privat i år, kan kjøpe kvote frå staten innan same frist.