Nav har presenter tala for desember 2011.
Nav har presenter tala for desember 2011.

Stabilt låg arbeidsløyse

Tre hallingdalskommunar opplever ein liten auke i arbeidsløysa.

Det har vore eit stabilt år på arbeidsmarknaden med låg arbeidsløyse.

– Me ventar ein framleis stabil arbeidsmarknad neste år, seier Nav-direktør i Buskerud, Elisabeth Holen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Under landssnittet

I Hallingdal har Hol og Nes ein auke på nokre arbeidslause personar i desember i år i høve til i fjor. Hemsedal og Flå har ein liten nedgang.

Det er Hol som har flest arbeidsledige personar nett no i høve til innbyggjartalet. Mens arbeidsløysa er lågast i Flå.

Så mange er arbeidslause i desember (endring frå året før i parentes):

* Hol: 2,3 prosent (+11 personar)

* Gol: 2,0 prosent (0)

* Hemsedal: 1,9 prosent (-8 personar)

* Ål: 1,7 prosent (+10 personar)

* Nes: 1,6 prosent (+5 personar)

Artikkelen held fram under annonsen.

* Flå: 1,0 prosent (-3 personar)

* Buskerud: 2,5 prosent (-41 personar)

* Norge: 2,4 prosent (-6.280 personar)

Ventar normalår

Nav sine prognosar for 2012 fortel om ei gjennomsnittleg arbeidsløyse på 2,4 prosent.

Erfaringar tilseier eit hopp i arbeidsløysa frå desember til januar, fordi mange ventar med å registrere seg som arbeidslause til etter nyttår.