Spritlukt på apoteket
Også på Hemsedal Apotek er hyllene tomme for antibac. Men torsdag starta dei produksjon av eigenprodusert desinfeksjonsmiddel.
Det fortel farmasøyt Torill Bakko Enoksen. Ho seier apoteket er utseld for fabrikkprodusert antibac. Dei ventar på leveranse, men veit ikkje når det kjem.
– Fabrikkane klarar ikkje å produsere nok til å dekkje etterspurnaden. Men ting skjer fort no, og her har ting skjedd, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Såpe og vatn er det beste
Tysdag vart apoteket kontakta av kommuneoverlegen i Hemsedal. Spørsmålet var om dei kunne vidareutvikle eit parti isopropanol (denaturert sprit) til desinfeksjon.
– Det er noko me heilt klart kan og har kompetansen til å gjere. Eg veit også at fleire produksjonsapotek er i sving, men bestillingslistene er lange. Å produsere noko sjølv kan forhåpentlegvis lappe på litt av det skrikande behovet, seier Enoksen, som samtidig understrekar at viss du har tilgang på såpe og vatn, er det betre med ein skikkeleg handvask.
Har innført restriksjonar
Ho seier kundane kan bli frustrert over at det er tomt for antibac. Det er likevel verre om apoteka blir tomme for medisinar og legemiddel. Den siste veka har apotek over heile landet opplevd at folk kjem for å hamstre.
– Enkelte får eit ekstremt behov for å sikre seg. Då kan det bli manko av enkelte legemiddel. No er det innført ordningar slik at folk ikkje kan gå bananas. Det er synd at ein må innføre restriksjonar, men det fungerer, seier Enoksen.
– Det er nok til alle
Insulin er eitt av fleire legemiddel det er innført restriksjonar på.
– I ein normalsituasjon hentar folk ut medisin for tre månader i slengen. Det er insulin nok til alle som treng det i Norge. Men viss alle skal sikre seg, blir lagera tomme. Eg opplever at folk har forståing for dei tiltaka som er gjort for å hindre at det skal skje, seie ho.