Spesialistar på tyrkisk mat
Tyrkiske spesialitetar laga frå botn av står øvst på menyen hjå nyopna Al Paso Pizza Grillhouse på Geilo.
– Me lagar stort sett alt frå botn av der og då, og det er tyrkiske rettar som er spesialiteten vår, seier kjøkkensjef Mahmoud Alvinasab.
Han har saman med kollega og dagleg leiar Yusuf Çolak drive restaurant sidan 1. mars. Begge har årelang erfaring frå norsk restaurantbransje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gode hjelparar
At alt skulle klaffe i arbeidet med å realisere ideen om eigen restaurant, var eigentleg ganske tilfeldig.
– Me kom i kontakt med dei som har med bygget å gjere, Geilolia ferieleiligheter. Dei kom med eit bra tilbod, og me slo til. Sidan har dei vore eineståande til å backe oss opp, seier Alvinasab.
Lunsj
Ekteparet Aslaug og Magnus Haugen frå Geilo er i lunsjmodus.
– Me tenkte me måtte prøve ut den nye restauranten, og me har fått veldig god service, så no stoler me på det dei har laga til, seier Aslaug Haugen.
Ambisjonar
– Det er så trivelege folk her, seier Çolak etter at dagens første gjestar er servert. Me har hatt nok å gjere på kjøkkenet så langt, så det har vore ein god oppstart, seier Alvinasab.
– Målet er at folk skal bli glade av å ete her. Når gjestene blir glade, blir eg og glad, smiler Çolak.