Ordførar i Hemsedal Oddvar Grøthe (Sp) er ferdig som mjølkeprodusent. Han sel mjølkekvoten før kvoteprisen går endå meir ned.
Ordførar i Hemsedal Oddvar Grøthe (Sp) er ferdig som mjølkeprodusent. Han sel mjølkekvoten før kvoteprisen går endå meir ned.

Sp-bonde sluttar med mjølk

Norge opplever mjølkemangel, mens staten kvittar seg med mjølkebønder. – Snodig, seier senterpartiordføraren som no gir seg som bonde.

Få hemsedøler ønskjer Oddvar Grøthe tilbake til mjølkekrakken. Han sit i ordførarstolen for Senterpartiet i sin fjerde periode. Ironisk nok er det den raud-grøne regjeringa som dyttar han ut av fjøset. Etter årets landbruksforhandlingar meiner han staten premierer bønder for å slutte med mjølk. 1. oktober går nemleg prisen på sal av mjølkekvotar ned.

– Dei oppfordrar passive bønder til å selje. Det er ei snodig ordning. Særleg når me er i ferd med å få mjølkemangel, seier ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Burde selt før

Sjølv hadde ikkje Grøthe følgd som nøye med på kvoteprisane, men då det gjekk opp for han og samdrifta han er ein del av ikkje lenger har behov for mjølkekvoten hans, var valet enkelt.

– Eg vart råda til å selje alt då eg gjekk inn i politikken. Den gongen tenkte eg at mjølkekvoten er sjølve fundamentet på garden. Idealisten i meg gjorde at eg heller forpakta bort garden før eg seinare vart med i samdrifta. I dag ser eg at valet har kosta meg litt, seier han. Han kunne fått 750.000 kroner den gongen. Sel han før 1. oktober får han 455.000. Ventar han, blir prisen redusert til 325.000. Berre sidan 90-talet er prisen på sal av mjølkekvotar meir enn halvert.

Idealismen rår

Då han bytte fjøsdressen med ordførarkjeda var Hemsedal framleis ei levande landbruksbygd. No begynner det å røyne på.

– Senterpartiet har hatt makta i mange år, både i Hemsedal og i regjeringskontora. Mange bønder opplever det som seigpining?

– Ja, det er vel ei form for seigpining. Med eit regjeringsskifte med Høgre/Frp vil det truleg gå fortare. Senterpartiet er det partiet som vil bonden best. Ei regjering der Sp ikkje er med er ein endå dårlegare garantist for den norske bonden. Men no er det vel snart berre idealistar som driv, og dei bli det færre av, seier Grøthe, sjølv tidlegare idealist og mjølkebonde.

– Eg er framleis idealist, presiserer ordføraren.

– Ein idealist som sel mjølkekvoten?

– Det kan du si, seier Grøthe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisendring på kumjølk

* Staten regulerer kor mykje kva enkelt bonde kan produsere av mjølk gjennom ei kvoteordning.

* Bønder kan selje heile eller delar av kvoten sin.

* Ved sal til staten innan 1. oktober er prisen 3,50 per liter.

* Resultatet av årets landbruksforhandlingar er at prisen neste år går ned til 2,50 per liter.

* Frist for å melde inn kjøp av kvotar er 1. desember.