Sommarjobb på 2000 megawatt
– Eg har fått draumejobben. Eg får bruke det eg kan, får fylle på med meir kunnskap og får jobbe på ein høgkompetent og hyggeleg arbeidsplass.
Det seier Tommy Haugen frå Gol. Til vanleg er han student i industriell økonomi med fordjupning i energifysikk og energiøkonomi ved Norges Miljø- og Biovitenskaplige Universitet på Ås. I sommar har han fått sommarjobb på hovudkontoret til Statnett i Oslo.
Motorvegane i straumnettet
Saman med fem andre studentar skal han bruke sommaren til å skrive ein rapport. Rapporten skal leggjast fram både for dei tilsette og konsernleiinga i starten av august.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Statnett har eit stort samfunnsansvar. Det er dei som er systemansvarleg for motorvegane i straumnettet. Mange tek for gitt at landet har trygg straumleveranse. Det er sjølvsagt både stas og veldig moro å få jobbe i ei så stor bedrift, seier Haugen.
Gjennom nålauga
Sidan 2009 har Statnett kvar sommar hatt noko dei kallar eit KUBE-prosjekt. Her gir dei studentar i oppgåve å løyse utfordringar som bedrifta står overfor i framtida. Haugen var ein av 340 studentar som søkte jobben. 20 vart kalla inn til intervju og seks vart plukka ut til å vere med i prosjektet.
Dei seks studentane har bakgrunn frå ulike fagmiljø. I teamet har Haugen selskap både av beinharde teknologar og studentar med tung fagkompetanse om samfunnsøkonomi.
– Me er veldig tverrfaglege, men me som studerer innan energisektoren har eit felles ordforråd. Det hender av og til at me snakkar forbi kvarandre. Då må me berre ta ein oppklaringsrunde. Me har laga oss ei ordliste over sentrale fagtermar, seier han.
Finne løysing på reelle problem
I år har dei fått presentert eit scenario der eit vindkraftverk på 2000 megawatt skal koplast på straumnettet.
– Sjølve scenarioet er hypotetisk, men rapporten kan gje svar på reelle problemstillingar som Statnett ønskjer svar på. Me skal vurdere økonomiske insentivordningar som kan gjere prosjektet samfunnsøkonomisk lønsamt. Men me skal også ta stilling til tekniske løysingar som hindrar at kraftverket skapar ubalanse i straumnettet, fortel han.
Relevant arbeidserfaring
– Er sommarjobben ein døropnar til fast arbeid?
– Eg får i alle fall relevant arbeidserfaring og det er litt stas å ha ein KUBE-rapport på CV-en. Statistikken viser at ein av tre av dei som tidlegare har vore med på desse prosjekta, har fått fast jobb i Statnett. Men ein kan ikkje ta nokon ting for gitt, seier Haugen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han er dessutan ikkje ferdig å studere før om fleire år. Planen er å levere masteroppgåva i løpet av våren 2018.